Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa går kavlvegen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 3. september 2023

Sidan vêrgudane ikkje ser ut til å varte opp med noko serleg godt vêr på tysdag 5. september, så da inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag heller til tur i den nye kavlvegen på Eidet, i staden for fjelltur.

– Vi møtest klokka 10:00 nedanfor Øyekjerka og samkøyrer til Åsen, seier Kristian Ranes i Fjellgruppa.

– Derifrå går vi runden om kavlvegen, legg han til

– I den fine gapahuken søkjer vi ly og får oss mat, avsluttar han. 

Regnklede kan nok vere eit godt alternativ i påkledning på tysdag, i tillegg til godt turhumør!

Fjellgruppa ønsker vel møtt!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 3. september 2023, 07:16