Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2023

Vi fann 87 artiklar i dette arkivet.


Valkampen er i gang – kom og treff oss på stand!

Jon Olav Ørsal Fredag 12. mai 2023

Tida er inne for å kome i gang med valkampen, melder Arbeiderpartiet  –  laurdag 13. mai møter du Surnadal Arbeiderparti på stand utanfor Extra på Skei. Vi byr på ein kaffekopp og triveleg samtale. Kom og hels på oss, vi er på plass frå kl. 11 til 14!


Stavgangarane tok turen til Haltbakken

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 12. mai 2023

I går gjekk Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin stavgangtur til Haltbakken. 22 stavgangarar var med på turen frå Rabbleet på Nordvik og til Haltbakken. Kaffepause i gapahuken ved fjorden. 


Ryddedugnad til 17. mai

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 12. mai 2023

Todalen bøgdalag inviterer til ryddedugnad langs vegkantane rundt bygda måndag 15. mai klokka 18:00. Oppmøte på Bordholmen for utdeling av utstyr og fordeling av «rydderuter». Dei som har mogleheit, kan ta med hengar. 


Inviterer til saueaversjon

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 12. mai 2023

Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) inviterer til saueaversjon onsdag 24. mai og onsdag 7. juni klokka 17:30 båe dagane. Årets saueaversjon foregår hos Bjarte Morten Røen med adresse Kvennbøvegen 78. 


Inviterer til 17. mai-frokost

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 12. mai 2023

Todalen Idrettslag inviterer til tradisjonell 17. mai-frokost i Todalen ungdomshus onsdag den 17. mai etter biltoget. Biltoget startar frå Matkroken Todalen/Talgø klokka 10:00, så frokosten blir servert rett etter at biltoget har køyrt rundt bygda og kome opp til ungdomshuset. litt før klokka 11:00.


Ny vårdugnad på Bordholmen laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 12. mai 2023

Laurdag 13. mai, altå i morgon, klokka 11:00 blir det vårdugnad på Bordholmen for å førebu anlegget til 17..maifeiringa. Det skal ryddast i utstyr og anna i klubbhuset, og klargjere til montering av nyinnkjøpt kjølehjørne. Det må også ryddast litt ute etter vinteren. Så ta med høveleg utstyr til raking og liknande. 


Stor etterspørsel etter ved

Jon Olav Ørsal Fredag 12. mai 2023

Høge straumprisar i vinter og vår påverkar etterspørselen etter ved.  Bjørn Kvendset er ein av dei som driv med produksjon og sal av ved til fyring.  Han fortel at det har vore stor etterspørsel etter ved den siste tida – mange har alt gått tom for ved, men Bjørn har enno noko som er disponibelt for sal. Det har vore etterspørsel både etter bjørkved, blandingsved og olderved, og med forskjellig fyringsverdi så er det sjølvsagt prisforskjellar på dei forskjellige kvalitetane. 


Jubilerer tre dagar til ende

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. mai 2023

På Syltøran er det to jubileum no på tampen av veka – Hageland Surnadal fyller denne veka 10 år .  Det er gått 10 år sia Mons Otnes kløpte snora og opna Surnadals nye hagesenter som ligg vegg i vegg med Byggmakker Surnadal.  Den andre jubilanten er nemleg Byggmakker Surnadal som i år har halde på 25 år på Syltøran.  No har dei slege saman dei to jubileumane og markerer dette med ei skikkeleg jubileumsfeiring, der dei har fyrt opp grillen og pizzaomnen og sørgjer for uteservering på torsdag, fredag og laurdag – altså tre dagar til ende.


Søndag 14. mai: Bli med på «Dammen Opp» på Nordvik

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. mai 2023

Det er Trollheimen fjellsportklubb som står som arrangør av motbakkeløpet «Dammen Opp», som startar frå Forsamlingshuset på Nordvik og går etter Blomlivegen opp til inntaksdammen for kraftverket.  Løypa er knappe 3 km lang, og her er det Håvard Gjeldnes som har løyperekorden frå fjorårets løp der han kom i mål på tida 14,56 og ny løyperekord.


Promoterer Surnadal på ein fin måte

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. mai 2023

Denne veka har alle som ikkje har reservert seg mot reklame i postkassen fått det nye magasinet for 2023.  Surnadal 2023 som magasinet heiter er ei flott trykksak på 52 sider som presenterer mykje av det vi har å by på i Surnadal kommune. Her er det bruka mykje plass for å vise kor stor bredde det er i næringslivet i vår kommune, men det er også mykje godt stoff frå skule, fritidsaktivitetar, foreningsliv, bustadpolitikk, gode oppskrifter og ikkje minst det allsidige kulturlivet. 


Dugnad – sesongklart i Svinviks arboret

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. mai 2023

Onsdag kveld var Hagelaget på plass i arboretet for å bidra med klargjeringa til sesonopning.  Dette er ein rutinert dugnadsgjen som stiller opp år etter år.  Dei er utruleg effektive når dei setter i gang – dei veit kva som skal gjerast og får arbeidet fort unna. Dermed var dugnadsarbeidet unnagjort på halvanna time. Etter at arbeidet var unnagjort serverte Maja Frønes suppe til heile gjengen, og det var nok godt med litt påfyll av energi etterpå. 


Todalen Båtforening kaller inn til årsmøte

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. mai 2023

Todalen Båtforening kaller inn sine medlemmer til årsmøte på kantina på Talgø (2 etasje)  torsdag 25 mai 2023 kl. 19:30. Saker som ønskes behandlet på årsmøtet må meldes inn til styret v/formann Bjørn Hauglann innen 18. mai 2023.