Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor etterspørsel etter ved

Jon Olav Ørsal Fredag 12. mai 2023

Høge straumprisar i vinter og vår påverkar etterspørselen etter ved.  Bjørn Kvendset er ein av dei som driv med produksjon og sal av ved til fyring.  Han fortel at det har vore stor etterspørsel etter ved den siste tida – mange har alt gått tom for ved, men Bjørn har enno noko som er disponibelt for sal. Det har vore etterspørsel både etter bjørkved, blandingsved og olderved, og med forskjellig fyringsverdi så er det sjølvsagt prisforskjellar på dei forskjellige kvalitetane. 

Prima bjørkved – det er enno noko ledig for sal til kunde, seier Bjørn Kvendset

Bjørn har produsert ferdig det meste no, og har laga både småsekk, storsekk og heile tilhengarlass – billigst blir det sjølvsagt med heile tilhengarlass, der det ikkje går med emballasje og det er lite handtering. Dyrest er sjølvsagt småsekk som det blir mykje handtering på.  

Kvendset vil satse vidare på vedproduksjon, og har gått til innkjøp av ny vedmaskin for å effektivisere vedarbeidet. – Den er det lang leveringstid på, så det blir vel først neste sesong at eg får nytte og glede av den.  Han trur at det blir høge straumprisar i åra som kjem, så det blir ikkje farleg å få omsetnad på veden som blir prosusert.

Bjørkved i småsekk – mykje bruka til peisved. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 12. mai 2023, 04:30