Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Promoterer Surnadal på ein fin måte

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. mai 2023

Denne veka har alle som ikkje har reservert seg mot reklame i postkassen fått det nye magasinet for 2023.  Surnadal 2023 som magasinet heiter er ei flott trykksak på 52 sider som presenterer mykje av det vi har å by på i Surnadal kommune. Her er det bruka mykje plass for å vise kor stor bredde det er i næringslivet i vår kommune, men det er også mykje godt stoff frå skule, fritidsaktivitetar, foreningsliv, bustadpolitikk, gode oppskrifter og ikkje minst det allsidige kulturlivet. 

Magasinet er også lagt ut som digital versjon, og du kan berre klikke på linken, så får du tilgang til heile katalogen som altså inneheld mykje godt stoff og presenterer mange lokale ansikt som du sikkert vil dra kjensel på.  

Hubertine som feirer 10-årsjubileum på Hageland er ein av artiklane du kan lese om næringslivet i Surnadal kommune.  

 

Publisert: 11. mai 2023, 07:42