Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jubilerer tre dagar til ende

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. mai 2023

På Syltøran er det to jubileum no på tampen av veka – Hageland Surnadal fyller denne veka 10 år .  Det er gått 10 år sia Mons Otnes kløpte snora og opna Surnadals nye hagesenter som ligg vegg i vegg med Byggmakker Surnadal.  Den andre jubilanten er nemleg Byggmakker Surnadal som i år har halde på 25 år på Syltøran.  No har dei slege saman dei to jubileumane og markerer dette med ei skikkeleg jubileumsfeiring, der dei har fyrt opp grillen og pizzaomnen og sørgjer for uteservering på torsdag, fredag og laurdag – altså tre dagar til ende.

I samband med jubilea er det sjølvsagt lagt ut massevis av god tilbud, der det går an å gjera ein skikkeleg god handel – nedafor presenter vi annonsane både for Hageland Surnadal og Byggmakker Surnadal.  Blant anna er det eit gigantsalg av trelast –  både impregnert og royalbehandla.  

Både Hageland og Byggmakker har mange og gode tilbud når dei no feirar Byggmakkers 25-årsdag og Hageland sin 10-årsdag.   

Publisert: 11. mai 2023, 10:16