Onsdag kveld var Hagelaget på plass i arboretet for å bidra med klargjeringa til sesonopning. Dette er ein rutinert dugnadsgjen som stiller opp år etter år. Dei er utruleg effektive når dei setter i gang – dei veit kva som skal gjerast og får arbeidet fort unna. Dermed var dugnadsarbeidet unnagjort på halvanna time. Etter at arbeidet var unnagjort serverte Maja Frønes suppe til heile gjengen, og det var nok godt med litt påfyll av energi etterpå.
Laurdag 20. mai er det opning, og da er det ope tysdag – søndag (Måndagar stengt) Nytt i år er rosebeddet – her vil du finne 20 forskjellige gamle rosesortar som er komne mellom anna frå Landbrukshøgskulen på Ås og fleire andre plassar – seinar skal det bli enda flire sortar og plana er at rosene skal være med og forlenge blomstrinssesongen etter at rododendron er ferdig.
De alle første rhododendronane er komne i blomstring, og det ser ut til å bli eit bra blomstrinsår i arboretet. I frukthagen ser det også ut til å kome i blomstring omtrent i rett tid til sesongopninga, sier vaktmeister Ola Bruset.