Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2023

Vi fann 87 artiklar i dette arkivet.


Med over 60 års utvikling under panseret

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. mai 2023

Sia den første Volkswagen Type 2 kom først på 60-talen har det jammen skjedd mykje på bilfronten.  I dag fikk vi tilbudet om å prøvekjøre VW ID Buzz, og det vart nok ein anna verden enn Type 2.  Så er det da kanskje 60 år mellom dei to variantane, så det skulle da berre mangle.  Har da hatt førarkort sia 1969, så vi har da fått prøvd gammeltypen, og og etter tida var da den bra. 


Søya/Todalen G11 hadde besøk frå Sunndal

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 9. mai 2023

Søya/Todalen sitt G11 lag i fotball, spela i kveld kamp mot Sunndal på Søyabanen. Kampen vart spela på ein fin og velstelt grasbane, så speleforholda var i toppklasse, seier rapportane vi har fått frå kampen.  


Mobiliserer til korpsmusikk på nasjonaldagen

Jon Olav Ørsal Måndag 8. mai 2023

17. maifeiring uten korpsmusikk det går ikkje an  – i fleire år har veteranar frå Stangvik skulekorps stilt opp og sørga for korpsmusikk til togent i Todalen.  I kveld var det øving på kantina på Talgø, og her var det 6 personar som møtte.   Det er i minste laget, seier Ingeborg Myrvang som er «primus motor» for  17.-korpset .  Vi mangler nokre grunnstemmer for å få det til å låte bra, så vi setter vår lit til at vi klarer å lokke med oss nokre fleire til å kome med i siste liten. 


Stavgangarane tek turen til Haltbakken

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 8. mai 2023

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgang til Haltbakken torsdag 11. mai klokka 11:00. Oppmøte og parkering ved Rabbleet på Nordvik, så går turen altså derifrå og utover til Haltbakken. 


Årets første nybegynnarkurs i golf til helga

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 8. mai 2023

I helga, 12. – 14. mai, inviterer Surnadal Golfklubb til årets første VTG-kurs («Veien-Til-Golf» = nybegynnerkurs) for nybegynnarar på Surnadal Golfpark på Mo. Så kjenner du nokon som har lyst til å lære å spele golf, så er det berre å tipse dei om kurset! 


Bakeriutsal hos Lia gard fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 8. mai 2023

Fredag 12. mai, mellom klokka 12:00 – 17:00,  inviterer Lia gard igjen til bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til helga. Lia gard feirar at våren endeleg har kome igang! Dei feirar dette med å gje bort ein ferdig pyntet pavlovabunn til ein av dei som førehandsbestiller varer til utsalet sitt førstkomande fredag. 


Marius Kvande (13) sette ny banerekord

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 7. mai 2023

Marius Kvande (13), med bestemor frå Sagtrøa i Ørsalgrenda, spelte ein fantastisk runde under årets opningsturnering  «Hook & slice» på Surnadal Golfpark på Mo. Han sette like godt ny banerekord med 66 slag. Dette tilsvarer par på Surnadal Golfpark.


J2R Bilpleie på hobbybasis for Robert

Jon Olav Ørsal Sundag 7. mai 2023

Robert Ostrowski kom til Todalen frå Polen for snart fire år sia, og har i den perioden jobba både for Talgø Møretre, Talgø Bygg og no i Talgø Tradbo – alle tre er firma i Talgøkonsernet. I Talgø Tradbo har han spesialisert seg på malingsarbeid og tilhørande.  Med bopel på Brekkvoll i Brusetmarka trivs han godt i Todalen, men har lyst til å nytte fritida til å starte hobbyfirma med bilpleie – og trur det er ein marknad for slike tenester


Kløvertur i Gammelvegen

Dordi Jorunn Halle Sundag 7. mai 2023

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 8. mai. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Vårsprell med mykje latter

Jon Olav Ørsal Sundag 7. mai 2023

Vårsprell 2023 kom vel i hamn med sin revy på kulturhuset laurdag kveld.  Det skal jammen være god underhaldning når du skal halde koken i 3 stive timer og samtidig ha stigning i programmet.  Her kunne du berre lene deg godt tilbake i stolen og nyte det som kom frå scena – her var det samla mykje god scenekunst som gjennom kvelden fikk latterdøra på vid vegg.


Månadens bilete april

Guro Redalen Laurdag 6. mai 2023

Månadens bilete i april skal bli kåra, og i april var det både vinter og vår. Kåringa blir avslutta på bursdagen til Einar Gerhardsen og Fred Astaire, altså 10. mai.


Program for 17. mai i Todalen og Stangvik skulekrins

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 6. mai 2023

17. mai nærmar seg, og i år har alle 17. maikomiteane i Todalen og Stangvik skulekrins laga eit felles program for feiringa av nasjonaldagen. Så her kan ein velge og vrake mellom forskjellege arrangement rundt om i bygdene i skulekrinsen.