Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya/Todalen G11 hadde besøk frå Sunndal

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 9. mai 2023

Søya/Todalen sitt G11 lag i fotball, spela i kveld kamp mot Sunndal på Søyabanen. Kampen vart spela på ein fin og velstelt grasbane, så speleforholda var i toppklasse, seier rapportane vi har fått frå kampen.  

Mange duellar under kampen. Foto: Anders Gjeldnes

Det var altså Sunndal sitt G11 som var kveldens motstandar, og det vart ein målrik kamp, med totalt tretten scoringar.

Kampen bølga att og fram, og dei mange frammøtte fekk sjå ein god og underhaldande fotballkamp.

Sunndal prøvar eit angrep. Foto: Anders Gjeldnes

Det var litt vårregn under delar av kampen, men det gode spelet og forfriskingar frå kiosken såg ut til å gjere sitt til at publikum gløymde akkurat det.

Bortelaget vann ein knappast mogleg seier, og kunne ta med seg poenga på ferja over fjorden og heim til Sunndal. 

Kosthald er viktig når ein driv idrett på dette nivået, slik ein ser på baksete-biletet! Foto: Anders Gjeldnes

 

Publisert: 9. mai 2023, 20:41