Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

J2R Bilpleie på hobbybasis for Robert

Jon Olav Ørsal Sundag 7. mai 2023

Robert Ostrowski kom til Todalen frå Polen for snart fire år sia, og har i den perioden jobba både for Talgø Møretre, Talgø Bygg og no i Talgø Tradbo – alle tre er firma i Talgøkonsernet. I Talgø Tradbo har han spesialisert seg på malingsarbeid og tilhørande.  Med bopel på Brekkvoll i Brusetmarka trivs han godt i Todalen, men har lyst til å nytte fritida til å starte hobbyfirma med bilpleie – og trur det er ein marknad for slike tenester.

Robert Ostrowski har skaffa seg utstyr til både innvendig og utvendig rehald av campingvogner og bubiler – og tek også på seg rensing av tepper og møblar. Foto Jon Olav Ørsal

No har han starta firma som heiter «J2R Bilpleie», og er så mått komen i gang – utstyr er kjøpt inn og dei første kundane er alt unnagjort.  J2R Bilpleie vil tilby sine tenester til reingjering av bilar, campingvogner og bobilar i tillegg til reingjering av tepper, møblar og andre tekstilar.  Når det gjelder bilvask så vil det amfatte både innvendig og utvendig vask, samt utvendig polering. 

Som sagt trives Robert godt i Todalen, og han gjer seg godt forstått på norsk.  Han er lett å kommunisere med og er iherdig for å perfeksjonere det norske språken, sjøl om han tykkjer at todalsdialeta kan være litt anskeleg enkelte gong – for eksempel sykkjå, akjå og nikjå seier han med eit glis.  

Etter ein lang og kald vinter trengs det litt reinhald både i bilar, camoingvogner og bubilar, seier Robert Ostrowski.

Har du behov for ein skikkeleg bilvas – enten innvendig eller utvendig, så der det berre å ta kontakt med Robert på telefon 469 04 287, eller epost: info@j2rbilpleie.no   – etter kvart kjem nok firmaet på sosiale media, seier Robert.

Gulvtepper steamrenses og gjøres skikkeleg reine. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 7. mai 2023, 17:00