Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2023

Vi fann 87 artiklar i dette arkivet.


Inviterer til kunstutstilling

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 21. mai 2023

Surnadal kunstforening, i samarbeid med Vårsøghelga 2023, inviterer til kunstutstilling med årets festivalkunstnar, som er Nirmal Singh Dhunsi. Utstillinga vil vere i Finstuå på Surnadal kulturhus, og opnar torsdag 25. mai klokka 18:00.



Kløvertur til Haltbakkan

Dordi Jorunn Halle Sundag 21. mai 2023

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 22. mai. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Full start i Svinviks arboret

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. mai 2023

Denne helga er det full start i Svinviks Arboret, både med publikum og med blomstring.  I dag er det faktisk første opningsdag denne sesong, og det fell jammen godt saman med starten på rhododendronblomstringa. Det har vore kalde i vêret denne våren, så det er først no at blomstringa har starta for alvor.   Men det varme vëret dei siste par dagane har verkeleg sett fart på blomstringa, så no kjem nok rhododendronblomstringa for fullt.


Ei høgtidsstund for konfirmantane

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. mai 2023

Laurdag var det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje, med Torbjørn Brøske som liturg. Det vart ei fin og høgtideleg avslutning for konfirmantførebuingane som har foregått i vinter. 3 av dei fem konfirmantane høyrer heimen i Todalen sokn, medan 2 kom frå andre sokn – ein frå Stangvik og ein frå Trondheim.


Stavgangarane tok turen til bøkeskogen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 20. mai 2023

I går gjekk Stravganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin stavgangtur til bøkeskogen i Stangvik (Grantrøinn). Utsikta utover Stangvikfjorden med snødekte fjell som bakgrunn gjorde dagen ekstra fin for dei 18 turglade stavgangarane som var med.  


Inviterer til «Trygghetstreff»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 19. mai 2023

Sanitetskvinnene er, i tillegg til myykje anna, ein beredskapsorganisasjon. Dei har
nasjonale samarbeidsavtalar med Helsedirektoratet, Politidirektoratet og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB). Dei har også plass i både fylkesberedskapsråd og kommunale beredskapsråd. I tillegg har dei fleste av lokallaga eigne Omsorgsberedskapsgrupper som har samarbeidsavtalar med sine kommunar om å bistå ved behov. Sanitetskvinnene har over 3500 beredskapsfrivillige, feldelt på 320 lokalforeiningar og er organisert i 145 Omsorgsberedskapsgrupper rundt om i landet.


Sesongopning Svinviks arboret laurdag 20.mai kl. 11.00.

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. mai 2023

Svinviks arboret er ein museumshage med ei stor samling av rododendron, frukthage, stauder og bartre. Her finn du også ein sesongkafe og eit lite planteutsal. Både rododendron og frukttre har starta på blomstringa no, og fortset i tida framover.


Todalen Idrettslag bidrog i filminnspeling – no er filmen her

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 18. mai 2023

Rett før påske var DJI Enterprise og Trondheim Brann og Redning på Kårvatn for å gjere filmopptak for å lage reklamefilm om DJI Enterprise sin nye drone Matrice 350 RTK som blir lansert i desse dagar. Todalen Idrettslag var leigd inn for å transportere utstyr og personell med snøscooter og stilte med statistar i filminnspelinga. 


Konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 18. mai 2023

Laurdag 20. mai klokka 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg er Torbjørn Brøske, medan Bernt Bøe er organist. 


Fjellgruppa startar sesongen med tur til Årnes

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 18. mai 2023

Tysdag 23. mai startar Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag opp att fjelltursesongen, der dei i løpet av sesongen vil besøke mange fine turmål. Tysdag går turen til Årnes. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring til Årnes. 


Nasjonaldagsfeiring på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 17. mai 2023

Også på Nordvik har dei i tradisjon tru feira nasjonaldagen. Rapportane fortel om ei fin feiring også hos våre gode naboar på Nordvik. Etter å ha delteke i 17. mai-toget  i Todalen var det klart for middag og 17. maifeiring i Nordvik forsamlingshus.