Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ei høgtidsstund for konfirmantane

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. mai 2023

Laurdag var det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje, med Torbjørn Brøske som liturg. Det vart ei fin og høgtideleg avslutning for konfirmantførebuingane som har foregått i vinter. 3 av dei fem konfirmantane høyrer heimen i Todalen sokn, medan 2 kom frå andre sokn – ein frå Stangvik og ein frå Trondheim.  

Her er det Maria Kvendset Bergli som får prestehanda. Torbjørn Brøske var liturg. Foto Jon Olav Ørsal

Dagens tekt var henta frå evangeliet etter Matteus og dagens preken hadde som ledetråd at «du skal gjera mot andre, slik som du vil at andre skal gjera mot deg».  Brøske rosa konfirmantane for triveleg konfirmantforebuing og ønska dei lykke til på den vidare ferda gjennom livet.  Etterpå takka Todalen sokneråd for samarbeidet,  og delte ut kvar si salmebok til konfirmantane. 

Torbjørn Brøske heldt ein fin tale til konfirmantane – her på talarsolen i kyrkja. Foto Jon Olav Ørsal

Årets konfirmantar var var Maria Kvendset Bergli, Tor Asbjørn Mikkelsen Karlsen, Hallvard Pereira Nordvik, Martine Røe Redalen (fra Trondheim) og Heine Trønsdal Røen (fra Stangvik).  Vi i Todalen.no vil også nytte høved til å gratulere konfirmantane og foreldre.  

Todalen sokneråd delte ut kvar si salmebok til konfirmantane. Frode Grønmyr og Kristian Gjeldnes representerte soknerådet – her er det Hallvard Pereira Nordvik som får si salmebok. Foto Jon Olav Ørsal

Konfirmantane fotografert saman med presten – frå venstre vikarprest Torbjørn Brøske, Martine Røe Redalen, Tor Asbjørn Mikkelsen Karlsen, Heine Trønsdal Røen, Maria Kvendset Bergli og Hallvard Pereira Nordvik. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 20. mai 2023, 13:38