Pinsedag i Stangvik: Unik høgtidsfeiring
Mange stader er pinsa den glømte kyrkjehøgtida. Men i Stangvik har den rike og synlege tradisjonar. Søndagens fellesgudsteneste samlar folk frå alle nabobygder – frå så å seie det gamle «Stor-Stangvikgjeldet». Blir veret lagleg, kjem også somme roande i historiske kyrkjebåtar. Pinsa er kyrkja sin fødselsdag og fortel at Den heilage ande danna den første kristne kyrkjelyd. Dagens tekster, salme- og musikkvalg gjenspeglar dette.