Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløverturar i mai – godver kvar gong

Dordi Jorunn Halle Måndag 22. mai 2023

Todalen sanitetsforening har arrangert tre kløverturar i mai – alle i godt ver og til ulike turmål.

På frigjeringsdagen 8. mai gjekk turen i Gammelvegen med start frå Svinvika. Her vart det tur/retur opp til utkiksplassen oppå Kammen. Triveleg tur i god temperatur.

Gammelvegen i Svinvikhamrane er eit svært populært turområde. Foto: Marit Sanden Søyset.

Målet er nådd – fint å ta ein kvil her! Foto: Marit Sanden Søyset.

Måndag 15. mai gjekk turen frå Ungdomshuset og oppover Øyalia etter fin skogsveg. Da turgjengen kom opp til kvilebenken oppå Bergå, venta det ei triveleg overrasking! Her hadde nemleg kasserar Ragnhild hengt opp ein pose med «lokkemat». I posen var det heimbakst frå Kvernhaugen, og turen vart avslutta i Kaffekroken med kjeks og småbrød til kaffien – så godt!

Overraskande og triveleg helsing til kløverturgjengen! Foto: Marit Sanden Søyset.

Fint, frodig og grønt i Øyalia. Foto: Marit Sanden Søyset.

Måndag 22. mai var turen lagt til Nordvik. Turruta gjekk frå Sjøleet og heilt ut til Haltbakkan. Fint ver, og lang kaffepause. Kaffepausar med prat og sosialt samvær gjer så godt!

Måndag 29. mai er det ikkje kløvertur da det er «rauddag», men 5. juni blir det tur oppå Tjønnmyrane.

Sol og retteleg godver på kløverturen til Haltbakkan. Foto: Marit Sanden Søyset.

På turen utover til Haltbakkan går vi forbi Sjøtrøa som ligg så fint til ved Haltbakkhavet. Foto: Marit Sanden Søyset.

Lang pause nede ved fjorden. Foto: Marit Sanden Søyset. Foto: Marit Sanden Søyset.

Fin dag! Stille fjord! Sulå til venstre og Snøfjellet til høgre! Foto: Marit Sanden Søyset.

Publisert: 22. mai 2023, 17:31