Ut av bibliotekrommet med lesing og fellesskap
Surnadal bibliotek har sidan 2019 arrangert «Litterært pusterom» på biblioteket på Skei. Som ein del av prosjektet «Ut av bibliotekrommet» vil biblioteket no tilby dette i andre delar av kommunen.
Vi fann 87 artiklar i dette arkivet.
Surnadal bibliotek har sidan 2019 arrangert «Litterært pusterom» på biblioteket på Skei. Som ein del av prosjektet «Ut av bibliotekrommet» vil biblioteket no tilby dette i andre delar av kommunen.
På grunn av sjukdom og dårleg ver, blir kveldens planlagde «Hjertemarsj» i Kavlvegen på Eidet avlyst. Dette melder arrangøren Surnadal demensforening og helselag i ein e-post til redaksjonen.
I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til austre Tussan. – Vi, 21 spreke pensjonistar, starta turen frå Haugaskaret og gjekk den svært så bratte lia opp til Austre Tussan, fortel Anne V. Einum i Fjellgruppa.
I Talgø jobbes det med miljøtiltak hver eneste dag. Bærekraftsprofilen vår påvirker alle deler av driften, ikke minst når det gjelder god håndtering av eget avfall. Nå er nok et skritt mot en grønnere hverdag iverksatt. Talgø og leverandør Retura Midt inngår avtale for avfallshåndtering som berører store deler av konsernet.
Torsdag 1. juni kl 11;00 arrangerer Surnadal pensjonistforening stavgang, med vandring langs Toåa frå Bruset og oppover til Fosstrøinn og Hengebrua. Parkering på Bruset, og start derifrå. Det blir kaffepause i gapahuken – møt opp til vanleg tid kl 11, oppfordrar arrangøren. Alle er velkomne til å bli med!
Det er luftforsvaret som melder om dette, for i dag startar nemleg storøvinga Arctic Challenge exercise. Da blir det mykje lågflyging i Midt-Noreg, både med jagarfly, helikopter og dronar.
Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping frå Trollheimen Fjellsportklubb gjorde bra innsats under Molde 7 Topper som vart arrangert pinseaften. Dei to hamna på 1.- og 3.-plass i sin klasse som er 16-17 år, der Aron hamna på 5. plass totalt og Isak på 13.-plass. Halvor Drøpping kom på 2.-plass i sin klasse 50-59 år. Dagens beste tid hadde Fredrik Bruseth frå Romsdal Randoneeklubb kom først i mål av alle på tida 1:56:35.
– Årets Kleivaprisvinnar har føtene godt planta i lokalt kulturliv og har i ei årrekkje vore med på det meste som rører seg innan scenekunst, revyar og konsertar. Alltid med tryggheit, kunnskap og engasjement, heiter det i juryen si grunngjeving.for utdelinga av årets Kleivapris.
Det er meldt store nedbørsmengder i kveld. For å skape ein best mogleg
Kleivakveld for alle involverte og publikum har styret i Laget Vårsøg beslutta at årets Kleivakveld blir flytta innandørs til Storstua i Surnadal kulturhus. I Storstuå er det plass til 300 personar. Dei som allereie har kjøpt billettar er sikra plass i Storstuå og kan sette seg i salen frå klokka 17.30.
Påskeaften er det ordinær opningstid 9.30 til 16.00 melder Matkroken Todalen. 2. pinsedag, måndag 29. mai er butikken kioskopen frå 16:00 til 18:00, medan det 1. pinsedag søndag 28. mai er heilt stengt. Drivstoffanlegget til HalsOil er ope for kortsal heile pinsehelga – døgnet rundt.
Todalshytta held ope for servering 1. pinsedag ( 28. mai). Dørene opnes kl 13:00 og held ope til kl 18:00. Todalshytta har mykje godt å by på, klikk på menyen her. Vi håper at vêrgudane er med oss, slik at vi får testa dei nye terassane og kan nyte god mat med uteservering, helsar Arve […]
I går gjekk Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Svinvikrunden. Vêrgudane såg ikkje ut til å ville varte opp med fint turvêr, men akkurat da stavgangarane gjekk turen sin var det i alle fall opphaldsvêr bortimot heile turen.