Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dei to neste vekene kan det bli leven..!

Jon Olav Ørsal Måndag 29. mai 2023

Det er luftforsvaret som melder om dette, for i dag startar nemleg storøvinga Arctic Challenge exercise. Da blir det mykje lågflyging i Midt-Noreg, både med jagarfly, helikopter og dronar.

Dei skal mellom anna øve på å gøyme  seg for andre fly og kan kome heilt ned til 75 meter over bakkenivå i enkelte høve. – Forsvaret ber folk spesielt om å være merksame på bruken av dronar. Øvinga vil som sagt gå føre seg i eit par vekers tid framover. 

Publisert: 29. mai 2023, 17:34