Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2023

Vi fann 102 artiklar i dette arkivet.


«Barn i løypa» tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 6. mars 2023

Tysdag 7. mars klokka 17:30 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Det blir servering av saft etterpå. 


Kløvertur i godt vinterver.

Dordi Jorunn Halle Måndag 6. mars 2023

Etter ei helg med mykje ver – stort snøfall og vind – vart det opphaldsver under kløverturen måndag 6. mars.


Fine forhold i lysløypa på Tjønnmyra

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 6. mars 2023

Driftsleiar for lysløypa på Tjønnmyra, Ståle Ansnes, opplyser at det no er nypreparerte løyper og fine forhold i lysløypetraseen på Tjønnmyra. 


Straumbrot i Todalen

Jon Olav Ørsal Sundag 5. mars 2023

Svorka melder kl 19.19 om straumbrot og fasefeil uti Stranda. Arbeid er i gang, og dei har eit tidsanslag på 4-5 timer for å reparere skaden.


Det snør og det snør og vi…

Jon Olav Ørsal Sundag 5. mars 2023

Ja det er faktisk slik at vi snør mesta ned – det siste halvanna døgnet har det kome unormalt mykje snø, og snøen har vore tung. Ståle Ansnes i Todalen Mjølk seier at han aldri har opplevd så mykje og så tung snø før i sin karriere som brøytesjåfør.  Snøen er kram og fuktig og Ståle merka det godt på traktoren i dag tidleg da han var ut på brøyting – faktisk var det poblematisk å få nok marktrykk for å styre traktoren. 


Randonee-VM: Malin Indergård og Erik Kårvatn inn på niandeplass

Jon Olav Ørsal Sundag 5. mars 2023

Det var stor spenning i leiren da juniorane først skulle kvalifisere seg og så gå to etappar kvar i tomannslag.  Det var 22 lag som kappast om dei 12 finaleplassane, Malin og Erik klarte å kvalifisere seg, medan 2.-laget Aslaksen Røed og Hjelset Andersen rauk ut.  Indergård/Kårvatn kom på 10-plass i kvalifiseringa, men enda altså opp på 9.-plass etter at dei hadde gått 2 etappar kvar i den krevjande løypa.


Kløvertur

Dordi Jorunn Halle Sundag 5. mars 2023

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 6. mars. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Ny tiendeplass for Erik i randonee-VM i Spania – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. mars 2023

Det var knytta stor spenning til dagens konkurranse i BOI TAULL, der Erik Kårvatn representerer Norge i individuell på klasse U20 men.  32 deltakarar stillte på startstreken, og her var det ingen ting å få gratis.  Vinnaren Nils Oberauer frå Østerrike var det igengen ting å gjera med – han leia konkurransen frå start til mål.  På andreplass kom Gheorghe-Petrut Jinga knappe minuttet etter og på tredjeplass  kom italienaren Davide Sambrizzi ca 1 minutt etter.


Surnadal Senterparti si liste til kommunevalet er klar

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 3. mars 2023

Da har også Surnadal Senterparti offentleggjort lista si til kommunevalet til hausten. På Lista er det 28 listekandidatar, 12 kvinnner og 16 menn. På dei tre første plassane på lista står Hugo Pedersen, Silje Beate Gulbrandsen Holten og Lars Inge Kvande. 


Øystein Sunde SOLO på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 3. mars 2023

Søndag 12. mars klokka 19:00 kjem Øystein Sunde til Storstuå på Surnadal kulturhus, der han vil «servere» ei eventyrblanding av ein konsert han har kalla Øystein Sunde SOLO!


Årsmøte i Stangvik historielag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. mars 2023

Stangvik historielag gjennomførte årsmøtet sitt på Hammerstuene i går kveld. Leiar i historielaget, Einar Grønnes, kunne ønske rundt tjue medlemmer velkomne til årsmøtet. Årsmelding, Rekneskap og budsjett vart i tur og orden samrøystes vedteke. Siste sak på årsmøtet var val. Valkomiteen sin leiar, Magne Hansen, hadde teke kontakt med alle tillitsvalte som var på val for 2023, og alle tok attval, så valet vart fort unnagjort.  


Bernt Venås på andre plass på Kyst- og distriktslista til fylkestingsvalet

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. mars 2023

Kyst- og distriktslista for Møre og Romsdal, med Bernt Venås frå Stangvik på andreplass, er klare til fylkestingsvalet til hausten. Venås er fast medlem i fylkestinget, kultur, næring og folkehelseutvalet og 1. vara i samferdselsutvalet Møre og Romsdal, for Senterpartiet. Venås er også fast medlem i kommunestyret og formannskapet i Surnadal kommune. Venås vil frå og med i dag vere uavhengig representant og stiller no altså på andre plass på den nye lista til fylkestingsvalet til hausten.