Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2023

Vi fann 102 artiklar i dette arkivet.


Berre ein drope i havet, men det hjelper litt!

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. mars 2023

Det blir berre ein drope i havet, men det hjelper da litt, sa Randi Vetleseter Bøe, da ho ønska velkomen til støttekonset til Kirkens Nødhjelps katastrofearbeid.  Støttekonserten gjekk føre seg i Åsskard kyrkje, som var nærast fullsett av aktørar og publikum under arrangementet onsdag kveld.  Aktørane fekk skryt for at dei stilte opp, både store og småe.  


Årsmøte i Nordvik grendalag

Dordi Jorunn Halle Onsdag 1. mars 2023

Nordvik grendalag arrangerte årsmøte i Nordvik forsamlingshus tysdag 28. februar.


Eigedomsskattelistene for 2023 er lagt ut til offentleg ettersyn

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 1. mars 2023

Surnadal kommune har no lagt ut eigedomsskattelistene og fritakslistene til offentleg ettersyn. Klagefristen for eventuell klage på utskriven eigedomsskatt er seks veker etter at listenene er lagt ut, og er i år sett til 12. april. Det er høve til å klage, men berre på forhold som tidlegare ikkje er påklaga. 


VM: Sterk plassering på vertikalen for Erik

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. mars 2023

I dagens vertikal i VM i randonee i Boí Taüll gjorde Erik Kårvatn eit nytt sterkt løp, og hamna på 9.-plass – 1:18.8 etter bestetida for  U20 men.  Vertikal er «førstemann til toppen», og er ei øving som Erik likar godt. I den bitande kulda i den spanske fjellheimen var det berre å gi gass oppover mot toppen.  Først i mål var Oriol Olm Rouppert  frå Andorra, med sveitseren Loic Dubois på andreplass og Julian Tritscer frå Østerrike.  


«Henning-stipendet»

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 1. mars 2023

I ei pressemelding no på tidleg føremiddag, frå Surnaal kommune, får vi informasjon om «Henning-stipendet». Eit stipend som skal gå til unge kunstnarar i alderen 13 – 20 år. Søknadsfristen er sett til 15. mars. 


Kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 1. mars 2023

Styret i Todalen.no kallar inn til årsmøte onsdag 29. mars klokka 19:30 i Todalen ungdomshus. Vanlege årsmøtesaker og utdeling av «Årets bilete». Det blir servert kveldsmat.