Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bernt Venås på andre plass på Kyst- og distriktslista til fylkestingsvalet

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. mars 2023

Kyst- og distriktslista for Møre og Romsdal, med Bernt Venås frå Stangvik på andreplass, er klare til fylkestingsvalet til hausten. Venås er fast medlem i fylkestinget, kultur, næring og folkehelseutvalet og 1. vara i samferdselsutvalet Møre og Romsdal, for Senterpartiet. Venås er også fast medlem i kommunestyret og formannskapet i Surnadal kommune. Venås vil frå og med i dag vere uavhengig representant og stiller no altså på andre plass på den nye lista til fylkestingsvalet til hausten. 

Bakgrunnen for at Kyst- og distriktslista for Møre og Romsdal ser dagnes lys, er stor misnøye med distriktspolitikken som dagens regjering fører, noko som råkar «Distrikts-Norge», og eit «distriktsfylke» som Møre og Romsdal særs hardt.

Bernt Venås står på andre plass på lista, medan Ingeborg Svissdal frå Virumdalen i Sunndal kommune, for tida busett i Haram, står på tredjeplass på Kyst- og distriktslista for Møre og Romsdal si liste. Det er 23 listekandidatar på lista deira og den har god geografisk fordeling, med listekandidatar frå mange kommunane i fylket.

Kyst- og distriktslista for Møre og Romsdal

Kyst- og distriktslista si liste til fylkestingsvalet 2023

 

Publisert: 2. mars 2023, 09:38