Kløverturar på Kvennset, Husby og Hala
Mars er den første vårmånaden, men så langt regjerer Kong Vinter. Dermed blir det kløverturar etter vegen.
Vi fann 102 artiklar i dette arkivet.
Mars er den første vårmånaden, men så langt regjerer Kong Vinter. Dermed blir det kløverturar etter vegen.
Stikk UT! lanserer nå sitt eget stifond som skal gi førstehjelp til Stikk UT!-stiene i fylket. Stifondet er en del av Stikk UT! sin strategi for å bidra til et mer bærekraftig friluftsliv i regionen vår.
Vårjamndøgn minner oss om at våren og sommaren nærmar seg, iallfall etter kalenderen å dømme. Vi har i år fått bekrefta at mars er «snømånaden». Men det ser da ut til at snøen no tinar frå begge kantar, og vi kan vel ha trua på at det vil vårast etter kvart no. – I år er det vårjamndøgn måndag 20. mars – heilt nøyaktig når klokka er 22:24 norsk tid.
Surnadal kulturhus stiller ut eigen kunst fram mot Vårsøghelga. Surnadal kommune har ei ganske stor kunstsamling som er hengt opp i ulike kommunale bygg. Nokre av desse kunstverka har også funne sin heim på kulturhuset. og her har også Surnadal kunstforening og Laget Vårsøg bidrege.
Kvennaferga – rute 1061 Kvanne – Rykkjem har redusert kapasitet måndag morgon. Det gjeld turen med avgang frå Rykkjem kl 08:45 i morgon 20.03, og årsaka er transport av farleg last, som gjer at det vert begrensa kapasitet til 12 passasjerar på denne avgangen. Elles vil fergetrafikken gå som normalt.
Malin Indergård og Erik Kårvatn er dei to einaste utsendingane til Youth World Cup Villars frå NSFs ungdomslandslag i randonee. Dei gjorde jammen ikkje skap på sine plassar i dagen individuelle konkurranse i Villars i Sveits. Romsdalingen Malin Indergård kom på 4 plass (Damer 18 år) og Erik kom på 14 i sin klasse (Herrer 20 år).
Tysdag 21. mars er det ny balldag på Todalshytta – som tidlegare er det fritt val mellom sildball med stekt flesk og potetball med saltkjøtt som tilbehør. Serveringa startar frå kl 15:00 og går heilt fram til kl 18:00. Bestill gjerne på epost arve@todalshytta.no eller på telefon 929 97 550.
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 20. mars. Start frå Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Sanitetsforeninga i Todalen inviterer til strikkekaffe kvar tredje laurdag, og det er eit sosialt og godt miljøtiltak. Det gjer nemleg så utruleg godt å treffast til uformell prat og kaffelag.
Alexx Alexxander inviterer til ei magisk showoppleving som det smakar «Las Vegas» av. Søndag 26. mars klokka 18:00 kjem nemleg Alexx Alexxander til Surnadal kulturhus med showet sitt.
Onsdag 22. mars klokka 12:00 inviterer seniorfilmklubben til filmen «Picnic med døden» på Surnadal kino. Dei fleste hugsar nok da dei såg «Picnic med døden», frå 1972, for første gong. Da satt sikkert mange av dei som les dette heilt frampå ein lakka trestol i Trudvang. No er sjansen der igjen, men denne gongen på eit noko mjukare sitteunderlag i Surnadal kino.
Denne helga er randoneelandslagets ungdomar på utror til UWC (Ungdoms World Cup) Villars i Sveits. Det vil seie at Malin Indergård (U18 Women) og Erik Kårvatn (U20 Men) har delteke i sprinten i dag – og skal delta igjen i Induviduell komande søndag.