Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2023

Vi fann 90 artiklar i dette arkivet.


Ny komfyr på plass i ungdomshuset

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 14. februar 2023

Det har ei stund vore planer om å skifte ut den gamle komfyren i Todalen ungdomshus med ein ny. Så da idrettslaget kom over ein nær ubrukt gasskomfyr, vart det fort bestemt at den skulle kjøpast og installerast i ungdomhuset. 


Kaffeslabberas i Skulstuå

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 14. februar 2023

Laurdag 18. februar, mellom klokka 12:00 – 15:00, er alle velkomne til kaffeslabberas i Skulstuå. Da inviterer «Venner av Skulstuå» til sosialt samvær med sal av kaffi og gode kaker, samt at dei serverer kakao til dei yngste i leikekroken.  


Vintersyn i galleri Finstuå

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. februar 2023

Torsdag 16. februar klokka 18:00 opnar årets «Vintersyn» i galleri Finstuå på Surnadal kulturhus. I år er det Kristian Finborud frå Voss, der han har eige galleri. Bileta hans, som er stemningsfulle vinter- og skibilete har gjerne humoristiske titlar, og har blitt særs populære. Alex Trio vil stå for det musikalske innslaget under opninga torsdag. Så her kan ein forvente fengande rytmar, samt flotte og stemningsfulle bilete.


Suksess, men vi treng fleire som kan hjelpe

Jon Olav Ørsal Måndag 13. februar 2023

På juni i fjor starta Frivilligsentralen i Surnadal opp med følgjeteneste på frivillig basis. Det skulle fungere slik at folk som hadde behov for følgje men som ikkje var «sjuke nok» til å få følgje av fagpersonell kunne få med seg nokon for å føle seg trygge. Dette opplegget har vore ein suksess, og no er Frivilligsentralen og gruppa som styrer opplegget ute for å få med fleire følgjarar.


Kalvik på topp på Surnadal SV si liste

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. februar 2023

Det er hektiske tider i nominasjonskomiteane rundt om i dei politiske partia før kommunevalet til hausten. Surnadal SV presenterte si liste no i dag, og her er Karina Kalvik kumulert på toppen av lista. 


Årets første kløvertur

Dordi Jorunn Halle Måndag 13. februar 2023

Det har vore både mykje regn og vind dei siste dagane og glatte vegar. Vermeldingane for måndagen midt i februar var slett ikkje dei beste, men det var uansett dagen for kløverturoppstart for vårsesongen 2023.


Todaling toppar MDG si liste

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. februar 2023

Miljøpartiet de grønne (MDG) i Surnadal presenterte i går kveld lista si for kommunestyreprioden 2023 – 2027. Todalingen Kjell Gunnar Polden toppar lista og er dermed partiet sin ordførarkandidat framfor haustens kommneval i Surnadal. Kjell Gunnar er saman med Kjell Johan Larsen komulert på toppen av lista. 


Tid for å fornye kontingenten i Todalen Idrettslag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. februar 2023

Da er det tid for å fornye medlemsskapet sitt i Todalen Idrettslag. Faktura for medlemskontingenten for 2023 er no sendt ut som epost til alle med registrert epostadresse. Betalingsfristen er sett til 26. februar, og medlemskontingenten for 2023 kostar 150,- kroner for kvart medlem. 


«Vinteferieutsal» hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. februar 2023

Neste veke er det vinterferie på skulane, og fredag 17. februar, klokka 12:00 – 17:00,  inviterer Lia gard difor til «vinterferieutsal» frå bakeriutsalet sitt. Så da blir det mogleg å sikre seg både noko til kaffekosen og grovbakst til «vinterferieveka»! På «vinterferieutsalet» kan du få kjøpt: – Ferske smultringer – Ferske skulebollar med heimelaga vaniljekrem […]


Bli med på Trim i Trudvang

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. februar 2023

Torsdag 16. februar klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!


Kløvertur utover Stranda

Dordi Jorunn Halle Sundag 12. februar 2023

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 13. februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Tekniske problem på Hett & Svett

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 11. februar 2023

Det har i dag vore forsøkt utført litt servicearbeid på ei av tredemøllene og romaskina på Hett & Svett. På tredemølla skulle det skiftast band, men det nye bandet leverandøren hadde levert passa ikkje, så her må det skaffast eit nytt før tredemølla blir i orden att.