Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tekniske problem på Hett & Svett

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 11. februar 2023

Det har i dag vore forsøkt utført litt servicearbeid på ei av tredemøllene og romaskina på Hett & Svett. På tredemølla skulle det skiftast band, men det nye bandet leverandøren hadde levert passa ikkje, så her må det skaffast eit nytt før tredemølla blir i orden att. 

Det nye bandet på tredemølla passar ikkje! Foto: Elinor Bolme

Romaskina har heller ikkje fungert som den skal ei god stund, og feilen vart heller ikkje funnen i dag, så her må idrettslaget leige inn servicefolk frå leverandøren, for å sjå om dei klarer å fikse den. 

Romaskina har ikkje fungert heilt som den skal i det siste. Foto: Elinor Bolme

Idrettslaget vil ta kontakt med leverandøren på måndag, slik at både tredemøølla og romaskina kan bli fullt operative att om ikkje så alt for lenge. 

Publisert: 11. februar 2023, 20:05