Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årets første kløvertur

Dordi Jorunn Halle Måndag 13. februar 2023

Det har vore både mykje regn og vind dei siste dagane og glatte vegar. Vermeldingane for måndagen midt i februar var slett ikkje dei beste, men det var uansett dagen for kløverturoppstart for vårsesongen 2023.

Veret vart heldigvis litt betre enn meldt, og sju trimmarar stilte til «start». Først gjekk turfølget nedover til Halsabrua i håp om at Toåa tursti var isfri og fin og gå. Men den gong ei – her var det is og glatt! Det var lumske issvollar på ekrene og, så da vart det tur forbi Bruvollen og opp til allmannvegen og deretter opp til Lauvåbrua og nedatt.

Ikkje glatt, men vått. Frå venstre Dordi Jorunn, Helen, Arndis, Jorunn, Liv Jorunn, og Helga. Foto: Marit Sanden Søyset.

Det vart ein god tur, men turgangarane fekk ein god porsjon med regn og ruskever før dei kom i mål til Matkroken. Der vart det kaffepause og triveleg prat.

Ny tur måndag 20. februar.

Meir styggver på tur inn! Lite snø att. Foto: Dordi J H

Publisert: 13. februar 2023, 15:24