Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny komfyr på plass i ungdomshuset

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 14. februar 2023

Det har ei stund vore planer om å skifte ut den gamle komfyren i Todalen ungdomshus med ein ny. Så da idrettslaget kom over ein nær ubrukt gasskomfyr, vart det fort bestemt at den skulle kjøpast og installerast i ungdomhuset. 

Gasskomfyren har tidlegare stått på kjøkkenet i klubbhuset til Surnadal IL på Syltøran stadion, men dei har nesten aldri brukt han. Dei såg ikkje å ha bruk for den lenger, og når dei no skulle pusse opp kjøkkenet på Syltøran, valde dei å legge den ut for sal til ein gunstig pris. 

– Vi la inn eit bod på gasskomfyren, og fekk tilslaget, fortel leiar i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme. 

– Så dette er i aller høyeste grad kortreist bærekraft og gjenbruk i praksis, avsluttar ho. 

Gasskomfyren vart installert og teste i ungdomshuset søndag kveld, i samband med at idrettslaget hadde styremøte der søndag kveld. 

– Dette er ei klar oppgradering av kjøkkenet i ungdomshuset, og vil løfte kvaliteten på maten som blir laga enda eit hakk opp, kan ein nøgd anleggsleiar i idrettslaget, Lars Stensby, konstatere. 

Det høyres lovande ut, for på den gamle komfyren har det vore laga mykje god mat i mange tiår, seier driftsleiar i ungdomhuset John Moe!

Publisert: 14. februar 2023, 08:00