Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Suksess, men vi treng fleire som kan hjelpe

Jon Olav Ørsal Måndag 13. februar 2023

På juni i fjor starta Frivilligsentralen i Surnadal opp med følgjeteneste på frivillig basis. Det skulle fungere slik at folk som hadde behov for følgje men som ikkje var «sjuke nok» til å få følgje av fagpersonell kunne få med seg nokon for å føle seg trygge. Dette opplegget har vore ein suksess, og no er Frivilligsentralen og gruppa som styrer opplegget ute for å få med fleire følgjarar.

Pr. i dag er det to aktive følgjarar i denne frivillige tenesta, og vil så gjerne ha med seg fleire, slik at belastninga ikkje skal bli for stor.  Kjell Løfald og Elsa Kvande meldte seg frivillig frå starten og trivs godt med dette opplegget.  Dei som har behov for slik teneste bestiller tenesta på Frivilligsentralen og så blir dei følgjarane hyra inn derifrå, fortel Sissel Halset Storslett som jobbar på Frivilligsentralen.

Både ho og einingsleiar Annett Ranes er einige om at denne tenesta har fungert veldig bra sia starten, så no vil dei prøve å rekruttere fleire til å bli med.  Dette er sjølvsagt frivillig og ubetalt arbeid, og dei fleste turane går til St. Olav på Orkanger og Trondheim, og til høyrselssentralen på Sunndalsøra.  Den som treng følgje må sjølv bestille skyss med plass til seg sjølv og følgje – dersom det er behov for mat er det og «oppdragsgjevar» som betaler for både seg sjølv og følgje.  Og så eit viktig poeng – den som er følgjar har sjølvsagt teieplikt!

Kjell Løfald og Elsa Kvande tykkjer dei gjer ein meiningsfylt jobb og opplever mange positive tilbakemeldingar. No håpar dei å få med seg fleire til å bli med. Foto Jon Olav Ørsal

Både Kjell Løfald og Elsa Kvande trivs godt med dette arbeidet og opplever mykje positive tilbakemeldingar for jobben dei utfører – dei tykkjer dei får att mykje positivt både frå brukarane, pårørande og frå heimetenesta og frå sjukeheimen. 

På spørsmål om kvifor han held på med dette svarar Kjell at han som er pensjonist tykkjer det er kjekt å bruke ledig tid til noko positivt, og føler at han gjer ei god gjerning. Samtidig er dette frivillig, og ein treng ikkje gjera meir enn har tid og lyst til.  Både Kjell og Elsa kjem med gode anbefalingar og håper at dei får med seg fleire til å dele på jobben. 

Annett Ranes trur at det er mang som ikkje veit om dette tilbodet, og trur det er mørketal både på brukarsida og på følgjarsida.  Vi treng nokre fleire til å bli med, og elles tykkjer vi at denne ordninga fungerer så godt at vi ser også om det er muleg å ta i bruk dette opplegget på andre tenester etter kvart.

Vil du være med og forsterke følgjetenesta så er det berre å ta kontakt med Frivilligsentralen på deira nettside https://surnadal.frivilligsentral.no/ her kan du klikke på knappen «Eg kan bidra» og melde deg på  – eller du kan ringe på telefon 468 16 169 så får du kontakt med Sissel. 

Publisert: 13. februar 2023, 18:00