Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2023

Vi fann 90 artiklar i dette arkivet.


Svorka etablerer Svorka Installasjon

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 7. februar 2023

I ei pressemelding frå Svorka no på sein føremiddagen, blir vi informert om at Svorka Installasjon blir etablert og vil vere operativt frå 1. september i år. Dette skjer gjennom ei samanslåing av El-Co og Real Installasjon, to selskap Svorka har eig hundre prosent av sidan i fjor haust. Svorka Installasjon vil ha hovudkontor i Rindal, med avdelingskontor i Surnadal, Meldal og på Orkanger.


Minner om årsmøte 16. februar

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 7. februar 2023

Styret i Surnadal Arbeiderparti minner om sitt årsmøte torsdag 16. februar klokka 19:00 på Thon hotel Surnadal. Vanlege årsmøtesaker. Tidlegare stortingsrepresentant Asmund Kristoffersen frå Tingvoll, deltek på årsmøtet som gjest. 



Påminning: Månadens bilete januar

Guro Redalen Tysdag 7. februar 2023

Det er så tett i teten så langt denne månaden, at vi minner deg difor på å halde fram med å røyste på din favoritt som månadens bilete for januar. Kåringa vert avslutta ved midnatt onsdag 8. februar. Og som alltid blir vi svært glade for bidrag til dagens bilete!


6. februar – Samefolkets dag

Jon Olav Ørsal Måndag 6. februar 2023

Samefolkets dag (sámi álbmotbeaivi) 6. februar er ein dag felles for alle samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Dagen vart feira for første gong i 1993, samstundes med at FN offisielt opna det internasjonale året for urfolk. Dagen vert feira på ulike vis i ulike lokalsamfunn, skriv Wikipedia på sine nettsider.


Populært med ishockey

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 6. februar 2023

Surnadal Blades, som har med fleire todalingar på trening og kampar, var laurdag på trening og treningskamp i ishallen Arena NordVest i Kristiansund. Frå Todalen var det Jakob, Nicole og Hallvard, Lars Ailo og Mikael som deltok denne helga. Først var det trening saman med hockeymiljøet i Kristiansund, før dagen vart avslutta med treningskamp mot IL. Braatt. I tillegg var Lisa og Natasha med på treninga og ikkje minst som ivrige supporterar under treningskampen.


Årsmøte i Surnadal heimbygdlag

Dordi Jorunn Halle Sundag 5. februar 2023

Surnadal heimbygdlag inviterer til årsmøte måndag 27. februar på Thon Hotel Surnadal. Årsmøtet startar kl. 19:00.


Kårvatn Skimo: – Ta her har vore ei kjempehelg

Jon Olav Ørsal Sundag 5. februar 2023

Vi kan trygt seie oss enige med Gudmnd Kårvatn når han karakteriserer denne helga med Kårvatn Skimo og NM i randonee som ei kjempehelg.  To vellukka renn er vel i hamn, og er gjemmomført til punkt og prikke.  Lokale heltar har fått vist kva dei står for og Erik Kårvatn kan skilte med to NM-titlar på heimebane – rett nok har han vore åleine i klassen sin – Menn U-20, men han hadde i dag  beste tid på vertikalen, og var i mål på 25:07.5.  Vi lar oss imponere av det. 


Kårvatn Skimo med rekorddeltaking

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. februar 2023

Med 57 deltakarar på startstreken i dagens individuell så er dette ein solid rekord for Skimo Kårvatn 2023, som samtidig var NM i randonee for 2023.  I dag var det ingen som kunne tukte Kilian Jornet Burgada – spanjol som går for Måndalen, som kom i mål på tida 1:18:47 som hadde Hans-Inge Klette hakk i hel, men 45 sekund etter. På tredjeplass Trym Dalset Lødøen, 1 sekund etter.  Men norgesmester var Klette, med Lødøen på andre og Jonas Petter Engdal på tredje. I klassen menn U20 vart Erik Kårvatn best på tida 1:25:49 og dermed vart han norgesmester på heimebane


Prisauke på TV-pakkane frå Svorka

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 4. februar 2023

I statsbudsjettet for 2023 fjerna regjeringa momsfritaket for elektroniske nyheitstenester frå 1. januar. Det betyr at prisen på TV-pakkane frå dei ulike leverandørane aukar litt. For dei med TV-pakkar frå Svorka, aukar prisen på TV-pakkane med 22 kroner frå 1. februar. Dette melder Svorka på sine heimesider.


Kårvatn Skimo: – Tidenes startfelt på laurdag

Jon Olav Ørsal Fredag 3. februar 2023

Da påmeldingsfristen gikk ut var det rundt 60 påmeldte, og det ligg an til å bli det sterkaste startfeltet som nokon gong har vore på norsk jord, seier Gudmund Kårvatn. Han er ein av randonee-gründerane og  har stått bak konkurransane i Dalalia på 11. året. Han fortel at det er deltakarar frå Tromsø i nord, til Italia i sør – tilsaman er det 8 nasjonalitetar som stiller på startstreken laurdag – av dei sterkaste korta er nok spanjolen Kilian Jornet Burgada og kona Emilie Forsberg som stiller til start. 


Populært med Pink Floyd

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 3. februar 2023

Tre veker før premieren, er dei to konsertane med «Surnadals Hyllest til Pink Floyd», der todalingen Ingebrigt K. Bergli er ein av koristane, er allereie så godt som utselde. Det er difor allereie no sett opp ein ekstra konsert laurdag den 25. februar.