Talgø lanserer ny MøreRoyal-kledning
I ei pressemelding frå Talgø no på tidleg ettermiddag, får vi vite at Talgø lanserer ei ny royalkledning, som dei har kalla MøreRoyal-kledning 2.0.
Vi fann 93 artiklar i dette arkivet.
I ei pressemelding frå Talgø no på tidleg ettermiddag, får vi vite at Talgø lanserer ei ny royalkledning, som dei har kalla MøreRoyal-kledning 2.0.
Søndag 4. desember klokka 11:00 inviterer Todalen sokneråd til lysmesse i Todalen kyrkje.
Surnadal kommune opna for at personar i aldersgruppa 18 – 64 år, utan underliggande sjukdommar, no kan få oppfriskingsdose. Dette gjeld også helsepersonell. FHI presiserer at det ikkje er ei generell anbefaling om at alle i denne aldersgruppa bør ta ny dose, heller ikkje for helsepersonell. Kvar enkelt må ta ei vurdering av behov for ny oppfriskingsdose ut frå eigen situasjon.
Tysdag kveld hadde Surnadal Arbeiderparti medlemsmøte for å godkjenne kandidatane til kommunevalet 2023. Kandidatane vart først presentert for medlemane for ei veke sida, og på medlemsmøtet i kveld vart det gjort eistemmig vedtak om å godkjenne lista.
Trimgruppas sal av adventkalendrar har gått over all forventning, og dersom du ikkje har fått kjøpt så hastar det no. Onsdag er siste salsdag, og torsdag så opnar dei første luka og trekkjer den første gevinsten. No nærmar det seg altå full utløysing av av spenninga – og spent blir det kvar dag fram til […]
Vinteren er høgsesong for boligbrannar – test difor røykvarslaren torsdag 1. desember! Det er oppmodinga Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, det lokale el tilsyn, brannvesenet og Gjensidige kjem med før «Røykvarslerdagen» på torsdag. «Røykvarslardagen» er eit mangeårig samarbeid mellom dei ovanfornemnte.
Endeleg er band 5 av det nye bygdebokverket for Surnadal kome i hus! Boka omfattar området frå Honnstad til Kvammen på sørsida av elva, og i tillegg markagardane Folddalen og Vinddøldalen.
Siste måndagen i november vart det også siste kløverturen i 2022. Fint ver, og tur i Toåa tursti.
Stangvik Historielag er ute med sitt årsskrift for 2022. Dette er det sekstande årsskriftet i rekka. Redaksjonen har denne gongen bestått av Marit Haugen, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes.
Stangvik Grendalag inviterer til førjulsbasar i Bondehuset første helga i advent, nærare bestemt laurdag 3. desember klokka 16:00. Tradisjon tru blir det gratis mat og stort basarbord. I tillegg blir det, tombola, luftgeværskyting, ballkast og pilkast.
Torsdag 1. desember klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag til trim i Trudvang. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Surnadal kulturhus rundar tjue år i år, og det vil bli markert laurdag 3. desember. Kulturskulen startar det heile med sin kaffekonsert klokka 12:00. Konserten kan godt krydrast i for- eller etterkant med eit besøk innom Finstuå. For der har Surnadal kunstforening utstilling «Haustlys», som verkar å treffe mange – og det på ein særleg positiv måte.