Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for oktober, 2022

Vi fann 87 artiklar i dette arkivet.


50-årskonfirmantjubileum

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 9. oktober 2022

I dag hadde Todalen sokneråd invitert dei som vart konfirmert i Todalen kyrkje våren 1972, til 50-årskonfirmantjubileum. Også neste års konfirmantar var invitert til feiringa. Første post på programmet var gudsteneste i Todalen kyrkje. Der var det Torbjørn Brøske som var liturg, medan Bernt Bøe var organist.


Rhododendron – fin, men ikkje så troskyldig

Jon Olav Ørsal Sundag 9. oktober 2022

Kva gjer du når framande og innførte planter forvillar seg ut i naturen.  Sist søndag inviterte Svinviks arboret til foredrag om akkurat dette temaet, og Dancan Halley sette fous på akkurat dette temaet når det gjelder Rhododendron.  «Invasiv rhododendroni Norge – hybridisering, tilpasnin, utbrudd og tiltak» var tittelen på foredraget, og det høyrest vidløftig ut.  Men enkelt sagt så dreier det seg om kva strategi ein kan ha og kva tiltak ein skal sette i verk for å hindre at rhododendron skal spreie seg ut i naturen.


Kløvertur på Kvennset

Dordi Jorunn Halle Sundag 9. oktober 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 10. oktober. Start frå Matkroken kl. 11:00. Du er velkomen til å bli med ut på tur!


Allsidig dag med både kunst- og fotoutstilling

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. oktober 2022

Søndag blir det ein allsidig dag i Svinviks arboret, da Sissel Halset Storslett inviterer til separatutstilling i det gamle fjøset.  Til saman stiller ho ut 26 kunstverk, der det er store variasjonar i motiv og materialbruk. I tillegg er det høve til å sjå fotoutstillinga til  Jörg Brunke, med tema «store lille verden».  Arrangementet startar med at Duncan Halley frå NINA held eit interessant foredrag om bekjemping av forvilla rododendron.  Altså litt for ein kvar smak denne dagen, der foredraget startar kl 13:00 og salsutstillinga byrjar  kl 14:30.


Påminning: Stem på månadens bilete for september

Guro Redalen Laurdag 8. oktober 2022

September er passert, og skal ein tru utvalet av bilete har han vore lasta med mengdar av vatn, matauk, magiske kveldsthimlar og siste rest av sommar. Men før vi kan legge månaden heilt bak oss må vi kåre det beste dagens bilete.


Saniteten: Kjøp lodd og bli ein vinnar

Jon Olav Ørsal Fredag 7. oktober 2022

Årets store Sanitetsbasar er like rundt hjørnet – det vil med andre ord seie tysdag kveld den 11. oktober – i Sanitetshuset på Kvennset.  I dag, fredag og i morgon, laurdag er det førehandssal av lodd på Matkroken Todalen, og det føregår i opningstida.   I dag var det Maren Ansnes som var på plass med loddboka da vi var innom butikken. 


Finale: – sesongslutt med stavgang til Øygardshalsen

Sverre Kjølstad Torsdag 6. oktober 2022

Værutsiktene var ikke de beste i dag, hvor regnelingene gjekk ganske tett. Likevel var det 28 spreke pensjonister som trosset værgudene, og la trøstig i vei mot Øygardshalsen. Alle var godt kledd for værforholdene, og merkelig nok ble det ikke så ille som vi fryktet, med bare noen lette regnbyger underveis.


Bli med på revy i romjula!

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 6. oktober 2022

Todalen Idrettslag har lange tradisjonar med å arrangere fest med revy i romjula. På grunn av koronaen er det no nokre år sidan siste gong det var fest med revy, men i romjula i år ønsker idrettslaget å prøve på att med revy, men da trengst det folk til å vere med!


Har du mista brillene dine?

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 6. oktober 2022

Det er funne eit par briller på vegen mellom Bordholmen stadion og Hallset bru. Så saknar du brillene dine? Da kan du i så fall få dei att i kassen på Matkroken Todalen. 


Basar i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Torsdag 6. oktober 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til tradisjonell basar i Sanitetshuset tysdag 11. oktober.


Informasjon om influensavaksinering og pneumokokkvaksinering

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 6. oktober 2022

Surnadal kommune informerer no om årets influensavaksinering. Influensasesong sesonger i år, er venta å bli noko verre enn normalt. Dette på grunn av dei omfattande smitteverntiltaka som har vore i samband med covid-19 pandemien. Det har vore lite influensavirus i omløp og vi har låg immunitet mot dette. Alle som er anbefalt influensavaksine er difor oppfordra til å ta den.


Fotpleie i oktober

Dordi Jorunn Halle Torsdag 6. oktober 2022

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem måndag 17. og tysdag 18. oktober. Det er mange ledige timar båe dagane.