Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

50-årskonfirmantjubileum

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 9. oktober 2022

I dag hadde Todalen sokneråd invitert dei som vart konfirmert i Todalen kyrkje våren 1972, til 50-årskonfirmantjubileum. Også neste års konfirmantar var invitert til feiringa. Første post på programmet var gudsteneste i Todalen kyrkje. Der var det Torbjørn Brøske som var liturg, medan Bernt Bøe var organist.

Konfirmantane våren 1972. Bak f.v. Øystein Moe, Kristen Halle, Einar Husby og Lars S. Husby. Framme f.v. Bjørn Todalshaug, Trond Svinvik, sokneprest Karl Jacobsen, Per Ørsal og Tormod Kalseth. Foto: Privat

Etterpå var det festmiddag på Hammerstuene på Surnadalsøra. Der fekk jubilantane, og dei andre frammøtte, servert søndagsbuffet. Etter mat og dessert vart det, i tradisjon tru, quiz.

Neste års konfirmantar saman med liturg Torbjørn Brøske. F.v. Martine Røe Redalen, Maria Kvendset Bergli, Tor Asbjørn Mikkelsen Karlsen og Hallvard Rudson Pereira Nordvik. Foto: Privat

Fleire bilete frå dagens jubileum kan du sjå nedanfor:

50-årsjubilantane framfor kyrkjetroppa. Foto: Privat

 

50-årsjubilantane la ned blomter på grava til Tormod Kalseth, som også vart konfirmert saman med dei våren 1972. Foto: Privat

 

Klart for jubileumsbuffet på Hammerstuene. Foto: Privat

 

50-årsjubilantane under quizen. Foto: Privat

Publisert: 9. oktober 2022, 16:21