Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Basar i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Torsdag 6. oktober 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til tradisjonell basar i Sanitetshuset tysdag 11. oktober.

Basaren startar kl. 18:00 og det blir trekking kl. 20:00. Det blir stort basarbord, åresalg og barnebord. Servering av kveldsmat til alle.

Sanitetsforeninga set pris på å få gevinstar til basaren. Anne Helene Halset tek i mot gevinstar i Sanitetshuset måndag 10. oktober i tidsrommet 16:00 – 18:00. Anne Helene kan kontaktast på tlf.: 918 16 615. Gevinstar kan også leverast tysdag frå kl. 17:00 og fram til basarstart.

Det blir forhåndssalg av lodd på Hals fredag 7. og laurdag 8. oktober.

VIPPS-nummer til basaren er: 534955, og eitt lodd på felleslista kostar 100 kroner.

Etter to år med pandemi og VIPPS-basar synest Todalen sanitetsforening at det er stor stas at dei endeleg kan invitere folk både innafor og utafor Kammen til god, gammeldags basar!

VEL MØTT!

Publisert: 6. oktober 2022, 10:06