Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2022

Vi fann 111 artiklar i dette arkivet.


Årsmøtet vel i hamn

Stig Husby Onsdag 13. april 2022

Tirsdag kveld inviterte styret i Todalen Elvaeigarlag til årsmøte i Todalen Ungdomshus. Formann Asbjørn Karlsen hadde kalt inn til vanlege årsmøtesaker, og var kveldens ordstyrar. Todalen Elvaeigarlag legg attom seg eit svært innhaldsrikt og aktivt fjorår, noko som er litt spesielt med tanke på pandemi og koronasituasjon. Asbjørn kunne fortelle at det hadde vore 23 styremøter gjennomført i 2021, og det fortel vel sitt om eit travelt år for styret.


Påskeeggjakt engasjerte mange

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 13. april 2022

I dag var det den store påskeeggjakten på Matkroken Todalen, og det engasjerte mange frå den yngre garde. Somme var på plass allereie ved da butikken opna klokka 9, for å starte jakta på dei ti påskeegga, som var gøymt rundt om inne på butikken. Det eine egget inneheldt eit gåvekort på 500,- kroner, så […]


Putt ein tiger på tanken, var eit gamalt slagord…

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. april 2022

I dag fylte Rune Mogstad tankane ved HalsOils drivstoffanlegg ved Matkroken Todalen med verdas beste drivstoff. – No skal todalingane og tilreisande kunne køyre omsalaust i påskehelga kunne han garantere. Rune var forresten imponert over kor mykje drivstoff som blir selt ved anlegget i Todalen, og han rosa todalingane for å være kjøpe tru


Påskekrim 2022: del 1

Guro Redalen Onsdag 13. april 2022

Du trudde kanskje ikke det vart påskekrim i år? Nåh-nei, her er kjem det tradisjonen tru eit nytt svært lokal og kortreist mysterie. Vi kan ikkje garantere at du får svar på alle spørsmåla i løpet av påskeveka, men håpar likevel det kan vere til underhaldning. Så det er berre å helle oppi meir kaffi […]


Langfredag: Gunnøydilten i Toåa tursti

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. april 2022

Trimgruppa i Todalen Idrettslag gjentek suksessen med å arrangere Gunnøydilten som langfredagsaktivitet. Sjølv om aktiviteten blir kalla Gunnøydilten så vil hovudaktiviteten med sal av kaffe og anna forfriskningar skje ved Gapahuken ved Båthølen, fortel Anita Talgø i Trimgruppa. Start mellom klokka 12 og 1


Rustar seg til lokal påskehandel

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. april 2022

No når påskehelga står for døra, har Matkroken Todalen rusta seg til lokal påskehandel på alle vis. Slik som tidlegare år er det ope for handel påskeaften, da butikken er open 9:30 – 16:00. Itillegg er det ut over vanleg opningstid kioskope skjærtorsdag og 2. påskedag i tidsrommet 16:00 – 18:00.


«På tur i Todalen» med to innsjekkingspunkt for i dag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 13. april 2022

«På tur i Todalen»-appen har i dag to innsjekkingspunkt som er aktive berre i dag, nemleg Gunnøydilten og Kjerringdilten. Desse innsjekkingane gjeld berre i dag, og det er mogleg å registrere seg berre ein gong. 


Seterrennet på Nordviksetra på torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 12. april 2022

Nordvik grendalag inviterer torsdag 14. april, i tradisonen tru, til Seterrenn på Nordviksetra. Ola J. Nordvik køyrer traktor med hengar frå Øygarden klokka 11:00. Dersom det er behov, køyrer han fleire turar. 


Fiskhandlar torske med småseifangst

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. april 2022

Fredrik har nytta skuleferien i påska til å være med bestefar på sjøfiske.  Da vart det både garnsetting og fiske med snøre, og eit tjuetal småsei var resultatet og dagens fangst. Egentleg var det nok torsk dei var ute etter, med småsei og lever er heller ikkje å forakte. Men det er da slett ikkje […]


Prisar nygrøå og våren på Kvennset

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. april 2022

I dag tidleg var det flott besøk på Kvennset – 4 rådyr beita fredeleg på nygrøå på ekra innafor Talgø-fabrikken. Om vi stoppa for å ta eit bilete, så tok dei det heilt med ro. Men det var ikkje berre rådyr som var ute på morgonbeite i 7.30-tida. Nokre gjess gassa seg med nygrøå litt lenger nedpå ekra, og satte tydeleg pris på det nye innslaget i kosthaldet.



Todalen sanitetsforening – ytterlegare 300.000 til prosjektet «Inn på tunet»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 12. april 2022

I fjor fekk Todalen sanitetsforening tildelt 300.000 kroner frå Stiftelsen Dam til prosjektet «Inn på tunet». På fredag kom nok ei «gladmelding», nemleg at Stiftelsen Dam løyver ytterlegare 300.000 kroner, til vidareføring av prosjektet. «Inn på tunet» er eit tilbod om helgaopphald for pårørande og personar med dement kognitiv svikt, som blir drive av Helga Bele, i Bæverfjord og Solveig Haglund, i Surnadal