Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskeeggjakt engasjerte mange

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 13. april 2022

I dag var det den store påskeeggjakten på Matkroken Todalen, og det engasjerte mange frå den yngre garde. Somme var på plass allereie ved da butikken opna klokka 9, for å starte jakta på dei ti påskeegga, som var gøymt rundt om inne på butikken. Det eine egget inneheldt eit gåvekort på 500,- kroner, så dette var nok det egget dei fleste håpa å finne, men dei andre egga var og fylt med påskegodt, så det vart mange fornøgde jegarar i løpet av føremiddagen. 

Ivrige skattejegarar. Foto: T. Nordvik

Alle dei ti egga vart funne i løpet av dei første timane på føremiddagen, og det var Alexander som vart den heldige jegaren, som fann egget med gåvekortet i. Vi gratulerer Alexander!

Kvar er egga gøymt? Foto: T. Nordvik

Er det her skal eg tru? Foto: T. Nordvik

Eller her? Foto: T. Nordvik

 

Publisert: 13. april 2022, 13:00