Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2022

Vi fann 111 artiklar i dette arkivet.


Strikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Fredag 1. april 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 2. april i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!


Bandtvang for hund frå og med i dag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 1. april 2022

Frå i dag, 1. april til og med måndag 31.oktober, er det bandtvang for hund i Surnadal kommune. Den generelle bandtvangen i Norge er frå 1. apil – 20. august, men Surnadal kommune har eiga forskrift om bandtvang, som inneber at bantvangen her i kommunen gjeld i perioden 1. april – 31. okotber. Dette betyr at hunden i denne perioden skal vere i band, forsvarleg inngjert eller vere innestengd. Somme unntak gjeld for jakt- og gjetarhundar, samt toll- og politihundar, når desse er i aktiv teneste, Bandtvangen er regulert i Lov om hundehald (Hundeloven) § 6, og i Surnadal kommune si forskrift om Bandtvang.   


Årets fasteaksjon på tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 1. april 2022

Tysdag 5. april på ettermiddagen, kjem årets konfirmantar og medlemmer frå Todalen Sokneråd på besøk med bøssene sine for å samle inn pengar til årets fasteaksjon. Årets aksjon har fått namnet «Håp i en dråpe vann», og er som vanleg i regi av Kirkens Nødhjelp. Fasteaksjonen er ein tradisjonell innsamlingsaksjon som har gått føre seg i fastetida i mange år. Det er også mogleg å gje bidrag til fasteaksjonen – «Håp i en dråpe vann», via vipps 2426 eller via bankkonto: 1594.22.87493.