Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 2022: del 1

Guro Redalen Onsdag 13. april 2022

Du trudde kanskje ikke det vart påskekrim i år? Nåh-nei, her er kjem det tradisjonen tru eit nytt svært lokal og kortreist mysterie. Vi kan ikkje garantere at du får svar på alle spørsmåla i løpet av påskeveka, men håpar likevel det kan vere til underhaldning. Så det er berre å helle oppi meir kaffi i koppen, smøre hjarnecellene med rett farge Swix og snurre på Poirot-barten – her kjem nemleg del 1 av årets påskekrim!

Prolog:

Det hadde slått ned som klårare enn blankaste fjorden. Spel! Så klart ho måtte skrive spel. Og ikkje med kva som helst tema, men eit bru-spel. Og sidan hadde Lebrek Bladfyk ivrig klapra ned på tastaturet det ho kunne kome på om dei ulike bruene i byda, svært fritt etter husken. Og på ingen måte med godkjent av historielaget – stempel på seg. På det viset skulle Bladfyk vere meir enn klar for snorklippet den dagen nybrua over fjorden var på plass. Ho kunne så «gælle» sjå føre seg scenen: korpset hadde spelt, nokon med slikt som del av jobben hadde erklært brua for opna og applausen etter snora symbolsk hadde blitt delt. Då skulle ho stå der med ein nøye utvald trupp av sambygdingar klar for å urframføre eit flunkande nytt spel Lady Arbutnott og Stiklestad berre kunne drøyme om. Det fine var at om det ikkje vart ei fjordprosjektbru dei neste 100 åra, om tradisjonen skulle halde fram, så kunne det likevel bli framført som eit brubyggande prosjekt. Skal vi sjå, det var vel kanskje like greit å starte oppe i bygda og jobbe seg nedover svingande til Toåa? Ja det ga dramaturgisk meining. «Isforr-ballett?» Noterte ho ivrig ned i margen.

Der fjorden går mot fjella inn. Der ligg dalen, slik han har gjort sidan Tov skoda utover han fyrste gongen frå Sjåarberget. Lite viste vel han at bygda skulle bli kjent for vassenger, Vangsgutane, vasskvalitet og å vere vrang. Men elva som han såg, ja ho går fortsatt i foss og sving. Dei gamle fjell i syningom hadde nyleg fått påfyll av skiføret, og benkane i bygda var ute av vinteropplaget.  Alt ligg til rette for at påska 2022 skal få ein betre plass i historiebøkene enn dei to tidlegare åra. Så her er det berre å spenne på og bli med!

På Todalen tursti, denne nye stripa for trim og hyggelege treff, var det jamn sig av folk på trimpoeng-jakt. Men òg av dei som trivst best med ei påske utan konstant svett lugg og kvikke lunsjar. Og smakte eigentleg appelsin betre over tregrensa? undra Ivrig Trimmar seg over der ho passerte Oddøyhølen. Rart eigentleg dette med ordet appelsin som vart til æppelsin, ganske likt æppel (eple red. anm.) som ein skulle ikkje tru at det skulle bli utalt likt. Hadde det noko med det engelske ordet apple tru? Midt i dei høge vidsynte tankane om todalsdialekta kom ho på det engelske ordet for appelsin … orange? Nei, der datt dessverre den teorien like tungt som dei som rente ned frå Skihytta etter å ha gitt alt på Kjerringdilten. Det gjaldt å kome seg på rett sida av elva igjen. No var jo Haukåbrua endeleg opna igjen òg, etter å ha vore nesten mistenkeleg lenge stengt. Ein skulle nesten tru at nokon hadde sabotert sørsida si gyldne bru.

Tursti Bolme hadde òg tatt turen for å sjå til at ingen hadde trøbbel med trimpoeng-appen. Etter at trimbøkene i bygda hadde blitt digitale var det ikkje få registreringar som hadde blitt gjort på dei 24 trimpostane til Todalen IL. Enkelte var så ivrig i poengsankinga at ein kunne nesten få ein mistanke om doping på noko anna enn Lauvåvatn og yoghurt frå Todalen meieri. Men ein suksess var det. Det kunne sjølv den mest pessimistiske i kaffekroken på Hals (ein tittel det blir kniva hardt om) slå fast. Det plinga i telefonen til Tursti Bolme «Ørna har landa, på tide å snu egget» Ok, det var på tide å flyge vidare.

Først publisert: 13. april 2022, 07:00 - Sist oppdatert: 12. april 2022, 20:13