Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2021

Vi fann 96 artiklar i dette arkivet.


Friidrettt på Bordholmen onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 17. august 2021

Onsdag 18.august klokka 17:30 blir det friidrett på Bordholmen stadion. Det er Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag som står som arrangør. Det blir lengde med tilløp, stille lengde, kast med liten ball, 60-meter, 400-meter og bogeskyting. 


Blir det Todaling på pallen på Kårvatn Skyrun 2021?

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. august 2021

Det knyter seg stor spenning til laurdagens arrangement av Kårvatn Skyrun komande laurdag.  Kristoffer Nordvik skal forsvare fjoråret triumf, da han gjekk heilt til topps i Kårvatn Skyrun.  Da spørst det om kneskaden han pådro seg tidlegare i år tåler ein langtur i fjellet.  Erik Kårvatn har også steke plasseringer frå VM i Italia og frå Skyrace –  Sans Senja, og må nok finne seg i å ha eit favorittstempel og være med og kjempe om pallplass.


Stavgangtur til Vindøldalen denne veka

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. august 2021

Det skjer torsdag 19. august.  Vi samlast ved bommen på Holtamoen, til vanlig tid kl 11:00, og samkøyrer opp til bommen oppi dalen. Ta med stolar!   Alle er velkomne til å bli med!


Slettneset steinovnsbakeri – open kafe og bakeriutsal

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 17. august 2021

Søndag 22.august, mellom klokka 12:00 – 16:00 inviterer Slettneset steinovnsbakeri til open kafe og bakeriutsal. Denne gongen kan dei freiste med nystekte kanelsnurrar, pistasjfletter og vaniljeknutar. Det er og mogleg å kjøpe grovbrød og surdeigsbrød, for å ta med heim og kose seg med seinare.  


Laks Ola Einar

Rekordarta avslutning på lakseseongen

Jon Olav Ørsal Måndag 16. august 2021

Til dels store nedbørsmengder sørga for skikkeleg fiskarelv dei siste par dagane – natt til søndag var toppen på vassføringa på 48 m3/sek, men minka for ned igjen på 20-talet på søndag ettermiddag.  De to siste dagene vart det faktisk teke 11 laksar  – dei to største på 9 og 10,5 kg medan resten var […]


Siste nytt om koronavaksineringa

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 16. august 2021

I ei pressemelding frå Surnadal kommune no i ettermiddag, får vi siste nytt om koronavaksineringa. Neste veke vil mange fleire bli vaksinerte med dose 2 enn tidlegare estimert. 200 kommunar får no to ulike mRNA-vaksiner til disposisjon for å fullvaksinere flest muleg raskast muleg.


Fin tur til Svabu

Dordi Jorunn Halle Måndag 16. august 2021

Etter dagar med regn og skodde kom måndagen med godt ver; ein riktig fin dag for å starte opp med ny kløvertursesong. Det er ferietid enno, men 8 turdeltakarar vart med på turen til Svabu.


Trøbbel med vassleveransen frå vassverket i Lauvåa – oppdatert

Jon Olav Ørsal Måndag 16. august 2021

Vassverket som sørger for vassforsyninga på Hala og Husby, samt Smålandsgrenda slit med vasslegeransen. Problemet har oppstått i løpet av natta, og i føremiddag har det pågått feilsøk på anlegget.  Situasjonen er enno uavklart, men ei liten lekkasje er funne og er reparert.   Det er tidvis litt vatn i kranane, men det er utan trykk […]


Nydelig kveld i Svinvikbotten månadens bilete for juli

Mari B. Redalen Måndag 16. august 2021

Med over halvparten av stemmene ble månadens bilete for juli, nydelig kveld i Svinvikbotten teke av Magne Svinvik. Bilete oser av god sommer stemning, og det gjorde nok kvelden også. Vi gratulerer og premie skal vi få levert. Tusen takk til alle bidragsytere til dagens bilete, redaksjons mailen vår tek alltid mot nye bidrag. Troldhaugen, […]


Sommarens siste bakeriutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 16. august 2021

Førstkommande fredag, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til sommarens siste bakeriutsal. Denne gongen, kan dei i tillegg til det vanlege bakevarene, freiste med ferske sjokoladekaker,



Innspurt på laksefisket – søndag er siste dag i Toåa!

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. august 2021

Komande døgn er det finale for laksefisket for i år – søndag kl 24:00 er det definitivt slutt for i år i Toåa for i år. Fisket har den siste tida vore sterkt prega av lita vassføring og dermed vanslege tilhøve for laksefiskarane.