Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2021

Vi fann 96 artiklar i dette arkivet.


Kårvatn Skyrun 2021: Starten har gått og løpet er i gang

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. august 2021

Presis kl 8:00 kunne speakeren sende dei 24 løparane på langløypa (43 km) i veg på turen opp mot Storfjellet – og vidare innover Trollheimen.  I tillegg starta dei 8 deltakarane i Storfjellet Opp.  Det store spenningsmomentet var i dag tidleg om vêret var godt nok til å kjøre normal start kl 9. Yr.no meldte at det skulle klarne opp i morgontimane og det ser ut til at vêret blir betre etter kvart. 


70 år og eldste deltakar på Kårvatn SkyRun

Jon Olav Ørsal Fredag 20. august 2021

Alderen er inga hindring for 70-åringen Ingunn Ytrehus som løper for Romerike Ultraløperklubb, som tek runden gjennom lengste løypa i morgon.  Ho er slett ikkje bomredd, som legg ut på den 43 km lange løypa, og har nok enno tromsø Skyrace i beina frå 2 veker attende.  Men Ingunn er vant til å bruke kroppen, og gler seg til pandemien er over slik at ho kan sleppe seg laus for fullt. Ingunn kjem frå Rollag i Numedal. 


Vindøldalsturen som ble til Kleivatur

Sverre Kjølstad Fredag 20. august 2021

12 personer trosset regnværet og møtte ved bommen for tur til Vindøldalen i dag. Etter en kort rådslagning ble det enighet om å avlyse denne turen i regnvær og tykk skodde langt nedover liene. Alternativet som ble valgt gjekk i stedet til Kleivakongens rike. Da var det å snu bilene og returnere til Skei og ta fatt på bakkene opp til Kleiva. Dette ga god trim, og pusten gjekk tungt oppover bakkene. Noen av oss gjekk fram til Breimoen for å se på dyrkamarka til Fjellbu som har drevet stort med sau.


Kårvatn SkyRun: 75 på startstreken komande laurdag

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. august 2021

Totalt er det påmeldt 75 deltakarar på Kårvatn Skyrun som går av stabelen komande laurdag.  – Det er vi veldig godt nøgd med seier Gudmund Kårvatn som er primus motor for fjelløpet som faktisk går i hjarta av Trollheimen.  Spesielt er vi gla for at det er så mange unge deltakarar og at det også er mange deltakarar frå lokale lag heromkring.  Det viser at interessa for slike fjelløp er stigende og deltakartalet aukar for kvart år. 



Måndag er det skulestart

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 19. august 2021

Måndag 23.august er det skulestart for elevane i grunnskulen i Surnadal kommune. At skuleåret 2021/22 tek til så seint, heng saman med at skuleruta i grunnskulen, følgjer skuleruta for den vidaregåande skulen i Møre og Romsdal, og at dei og har ein sein skulestart i år. Alle skulane startar på grønt nivå, med tanke på […]


Bli med til Åsbøsnyta!

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. august 2021

  Tirsdag 24.8. legg Fjellgruppa turen til Åsbøsnyta med start fra Nordvik.  Deltakere fra Surnadal møtes nedanfor Øyekjerka kl 1030 og samkøyrer i retning Nordvik til skogsvegen, og parkerer på lunningsplassen. Fin tur til formidabel utsikt, melder Fjellgruppa i en epost til Todalen.no.  Vel møtt til tur!


Gravide blir no anbefalt å ta koronavaksine

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 19. august 2021

Risiko for alvorleg sjukdom blant gravide som blir smitta med koronavirus er låg, samtidig viser internasjonale studier at gravide har noko auka risiko for alvorleg forløp av koronasjukdom, og at denne risikoen aukar utover i svangerskapet.


Søya stiller lag i 6.divisjon

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 18. august 2021

Det er mange sesongar sidan sist Søya stilte med eige seniorlag (utan skråstrek) i fotball. Men i år er det påmeldt eit senior fotballag i 6.divisjon. Tysdag kveld var gjengen samla for å skrive kontrakt og planlegge sesongen. Dei fleste av spelarane på årets Søya-lag er rutinerte karar med, ei allereie, lang karriere attom seg.


Har du brukte klede du vil bli kvitt?

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. august 2021

Då nærmar det seg skulestart, og vi på kyrkjekontoret vil gjerne ta imot brukte klede, som vi kan gje vidare til folk som treng det, skriv Kyrkjekontoret på Surnadal i ei pressemelding. Klesplagga må vere reine og heile. Vi tar imot klede til både born og vaksne. Du kan levere dei på kyrkjelydshuset på Skei […]


Todalen Idrettslag – medlemskontingenten er sendt ut

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 18. august 2021

Denne veka starta Todalen Idrettslag utsendinga av faktura for medlemsskap for 2021. Dei som er registrert med e-postadresse får fakturaen som PDF-fil vedlagt i e-posten, medan dei som ikkje er registrert med e-post enno, får fakturaen som vanleg papirfaktura i postkassen sin. Kontingenter for 2021 er kr. 150,- per medlem. 


Fjellgruppa til Svarthammaren

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 18. august 2021

I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Svarthammaren oppi Knykja. – Hadde eg visst kor langt det var, ha eg ikkje vorte med!, sa ei av turdeltakarane etter turen i går. Utsagnet kom da turgåarane var komne til bilane att og turen var over, men ho angra ikkje på at ho vart med.