Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa til Svarthammaren

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 18. august 2021

I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Svarthammaren oppi Knykja. – Hadde eg visst kor langt det var, ha eg ikkje vorte med!, sa ei av turdeltakarane etter turen i går. Utsagnet kom da turgåarane var komne til bilane att og turen var over, men ho angra ikkje på at ho vart med.  

Oppstart ved Honstadkroken. Foto: Anne V. Einum

– Det rare er at når vi tykkjer alle krefter er oppbruka, så har vi 70% att. Fleire sa at Honnstadkroken til Svarthammaren er minst ein Knyktur. Samme kva, 29 godt vaksne gjennomførte med stil, i eit velsigna godt turver, fortel Kristian Ranes.

Toppen på Svarthammaren. Foto: Anne V. Einum

– Det gode ryktet til Fjellgruppa har spreid seg langt, for ein av deltakarane kom heilt frå Jondalen – ein sprek og triveleg kar, fortsett han.

Matpause på Svarthammaren. Foto: Anne V. Einum

– Da vi endeleg fekk sett oss vel oppe, kom sola fram og viste eit vakkert grønt fargespel borti Knyksida. Og utsikten viste oss kor fin bygda vår er!, avsluttar han. 

Mary har ikkje høgdeskrekk. Foto: Anne V. Einum

Neste tysdag går Fjellgruppa sin tur til Åsbøsnyta. 

Under kan du sjå fleire bilete frå Fjellgruppa sin tur i går:

 

Publisert: 18. august 2021, 06:11