Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kårvatn Skyrun 2021: Starten har gått og løpet er i gang

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. august 2021

Presis kl 8:00 kunne speakeren sende dei 24 løparane på langløypa (43 km) i veg på turen opp mot Storfjellet – og vidare innover Trollheimen.  I tillegg starta dei 8 deltakarane i Storfjellet Opp.  Det store spenningsmomentet var i dag tidleg om vêret var godt nok til å kjøre normal start kl 9. Yr.no meldte at det skulle klarne opp i morgontimane og det ser ut til at vêret blir betre etter kvart. 

Full kontroll i sekretariatet – Daniel Zwick og Gudmund Kårvatn er klare til å sende løparane ut i løypa. Foto: Jon Olav Ørsal

Løparane vart informert før start at arrangøren – Trollheimen fjellsportklubb – har gjort endringar på løypa på grunn av stor vassføring i elvane og at løparane kunne være førebudd på endringar på vegen.  Men dette går nok godt, og arrangøren har kontrollører i fjellet som følger med dette.  

Vi kjem att med meir info etter kvart som vi får rapportering av mellomtider innover fjella.  

Klar med startnr 1, Norma Jensvoll frå Tingvoll og foreldra Marit Aasen og Bernt Jensvoll saman med Jostein Bruset frå sekretariatet. Foto: Jon Olav Ørsal

Her har startskotet gått og løparane er på tur til fjells. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 21. august 2021, 08:51