Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

70 år og eldste deltakar på Kårvatn SkyRun

Jon Olav Ørsal Fredag 20. august 2021

Alderen er inga hindring for 70-åringen Ingunn Ytrehus som løper for Romerike Ultraløperklubb, som tek runden gjennom lengste løypa i morgon.  Ho er slett ikkje bomredd, som legg ut på den 43 km lange løypa, og har nok enno tromsø Skyrace i beina frå 2 veker attende.  Men Ingunn er vant til å bruke kroppen, og gler seg til pandemien er over slik at ho kan sleppe seg laus for fullt. Ingunn kjem frå Rollag i Numedal. 

Ingunn kom til Kårvatn fredag i kveldinga for å forebu seg litt på laurdagens løp.  Mellom anna skulle ho laste inn løypekartet på GPS’n slik at alt er klar til start kl 8 i morgon tidleg – ho har nemleg fått dispans til å starte ut ein time tidlegare – tjuvstartar altså litt.  Elles sier ho at dersom ho ser at det blir for lang tid, så er det muleg med retrett ved Tovatna og følge 29-kmløypa inn til mål. 

Frå venstre Mari Redalen, Jo Gjeldnes, Gudmund Kårvatn og Daniel Zwick. Mari og Jo hadde vore ute på løypemerking, medan Gudmund og Daniel jobba med å få sekretariatet på plass. Foto: Jon Olav Ørsal

Ho fortel elles at ho starta med løping da ho var i 40-årsalderen, og da var det gateløp og maraton som va «i skuddet».  Det er først dei siste 10 åra at ho har starta med ultraløp eller fjelløp slik som Tromsø Skyrace og altså Kårvatn Skyrun i moprgon tidleg. Frå tidlegare har ho mellom anna «Telemarks tøffaste» på 80 km og «Hornindal rundt» på 75 km på merittlista, så ho likar lange løp med andre ord. 

Elles er alt klar til start på Kårvatn.  I kveld er det rigga til for starten i morgon tidleg, med sekrtariat og salsboder. – Ein gjeng har sågar reist inn til Oppdal og Tovatna, og vil gå ut derifrå for å etablere kontrollstasjonar og elektroniske mellomtider  frå nokre av toppane inne i Trollheimen.  Starten for Storfjellet opp og 43 km-løypa går kl 9:00, medan 29 km-løypa har start kl 11:00. Arrangøren oppfordrar folk ti å stille som publikum – aller helst på løypa opp til Storfjellet, men det er også lagt til rette for publikum i start/målområdet på Kårvatn.  Her kan du laste ned startliste for laurdagens løp som PDF-dokument.

Hektisk aktivitet på Kårvatn fredag kveld, men arrangøren ga uttrykk for at alt var under kontroll. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 20. august 2021, 19:57 - Sist oppdatert: 21. august 2021, 16:54