Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin tur til Svabu

Dordi Jorunn Halle Måndag 16. august 2021

Etter dagar med regn og skodde kom måndagen med godt ver; ein riktig fin dag for å starte opp med ny kløvertursesong. Det er ferietid enno, men 8 turdeltakarar vart med på turen til Svabu.

Dette er ein tur som passar for dei fleste da ein kan går etter tørr og fin skogsveg i slakt terreng. Nokre motbakkar er det, men berre passe bratte. Triveleg med kaffepause i hytteveggen; –  godt å møtast og kjekt få ein god og triveleg prat.

Ein liten pause for å trekke pusten på tur til Savbu. Foto: Dordi J H

Måndag om ei veke, 23. august, er det ny kløvertur. Er veret godt, blir det da tur i området rundt Kårvatn. Kløvertur er eit lågterskeltilbod der alle er velkomne til å bli med ut på tur.

Turfølget på hyttetrammen. Frå venstre: Berit, Karen Johanne og Ragg, Arndis, Kari, Åse Johanne, Marit og Sigrun. Foto: Dordi J H.

Publisert: 16. august 2021, 14:56