Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2021

Vi fann 96 artiklar i dette arkivet.


Stavgangturen går til Krokvatnet

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. august 2021

Stavgangturen komande torsdag går til Krokvatnet på Nordmarka, melder Surnadal pensjonistlags stavganggruppe.  Det blir oppmøte ved  Dønnem bedehus, til vanlig tid klokken 11, for samkjøring vidare derifrå.  Parkering ved Alvstusetra. Alle er velkomne til å bli med!


Du kan få andre dose med koronavaksine tidlegare

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 9. august 2021

I ei statusoppdatering frå Surnadal kommune, om koronavaksineringa, heiter det: – Det kjem fleire vaksinedosar i veke 32 og 33 som gjer at Surnadal kommune no startar med å tilby andre vaksinedose. Surnadal kommune seier seg ferdig med ordinær innkalling for dose ein denne veka, og vi endrar fokus til å prioritere dose to.


Inviterer til familiesjøfiskekveld på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 9. august 2021

Torsdag 12.august klokka 19:00 inviterer Surnadal Jeger- og Fiskeforening (SJFF) til familiesjøfiskekveld frå båt, både for store og små, på Nordvik. Dette er eit årvisst arrangement SJFF har arrangert i fleire år, og som har vore eit populært arrangement. 


Robotplenklipparen kom til rette att

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 9. august 2021

Robotplenklipparen som forsvann frå den nedre parkeringsplassen på Haugen vegkryss onsdag ettermiddag, åhar kome til rette att. Politiet opplyser at robotklipparen vart observert sett frå seg, på same plass som den forsvann frå, i går ettermiddag. 


Eva Laukøy vart årets æresvandrar

Jon Olav Ørsal Måndag 9. august 2021

På Norsk Vandrefestival 2021 som i helga vart arrangert i Rindal, vart Eva Laukøy tildelt Vandrestaven. Det er ei utmerking som vert delt ut til eit friluftsengasjert menneske eller ei foreining som har utmerkt seg i arbeidet for å spreie friluftsglede. Eva Laukøy har gjennom mange år utmerka seg gjennom sin litt tilbaketrekte rolle som programskapar i NRK, heiter det i juryens grunngjeving


Friluftsgudstenesta vart velsinga med sol

Jon Olav Ørsal Sundag 8. august 2021

Det såg faktisk litt grått ut i dag tidleg, og nokre regndråpar låg att på terrassen og varsla om at vêret kanskje ikkje var heilt trygt.  Men det var berre falsk alarm, for vêret vart betre utover føremiddagen, og da frilustsgudstenesta starta var det både god temperatur og lite som kunne minne om regn.  Da gudstenesta starta kl 11 var det faktisk eit 40-tal som hadde benka seg i arboretets uterestaurant.  Og sjølv om blomstringa nok er på hell, vart da uterestauranten ein staseleg katedral og ga friluftsgudstenesta ein fin atmosfære. 


Månadens bilete juli

Mari B. Redalen Fredag 6. august 2021

For mang er vel sommarferien no på hell, og på denne månadens kåring kan vi seie at det ser ut som at det har vore ein fin og varm juli.


Senioruniversitetet starter på injen – inviterer til Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Fredag 6. august 2021

Det siste halvanna året har det vore stille rundt Senioruniversitetet og prega av Covid 19 og koronavirutset.  No held aktivitetane på å kome attende, og dei prøver å få igang litt aktivitet igjen.  Først ute er arrangement på Gammelfabrikken i Todalen der det blir omvisning og presntasjon av Talgø si lange industrihistorie. Her vil vi også få litt tankar om framtida for Talgøkonsernet. Det skjer onsdag 25. august og det blir samkjøring frå kulturhuset til Gammelfabrikken i Todalen. 


Sollia vassverk – restriksjonar på bruk av drikkevatnet

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 6. august 2021

I ei pressemelding frå Surnadal kommune, blir det opplyst at det er innført restriksjonar på bruk av drikkevatnet frå det kommunale vassverket på Nordvik, Sollia vannverk. Grunnen til dette er lite tilsig av grunnvatn. 


Stavgangarane til Ranessetra

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 6. august 2021

I går var stavgangarane i Surnadal pensjonistlag på sin første tur etter ferien, og denne gongen gjekk turen til Ranessetra. Det vart ein skikkeleg fin tur i høveleg turvêr. Vel framme på Ranessetra varta vertskapet opp med kaffe frå svartkjel og eplekake. 


Fellesferien går mot slutten – hektisk innpurt og lang ventetid

Jon Olav Ørsal Fredag 6. august 2021

På Todalshytta har det vore full trøkk og ny giv i sommar.  Arve Evensen som er vertskap på hytta, fortel at det har vore i minste laget med vassføring i elva med tanke på laksefisket, men laksefiskarane har likevel kome til Todalen og Todalshytta for å feriere og for å kose seg i elva og på hytta. Den siste tida har det også vore mange spisegjestar og «vanlege» turistar både som har budd på hytta og som har teke turen hit for å prøve «Kammerpike Ediths» meny.


Politiet ber om tips om forsvunnen robotklippar

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 5. august 2021

Mellom klokka 17:55 og 18:15 i går, forsvann det ein Husqvarna 430 robotplenklippar frå den nedre parkeringsplassen (der infotavlene og brødhuset til Matkroken Todalen står) ved Haugen vegkryss. Politiet ber difor om tips frå folk som har passert staden i det aktuelle tidsrommet, og som kan ha sett noko.