Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Laks Ola Einar

Rekordarta avslutning på lakseseongen

Jon Olav Ørsal Måndag 16. august 2021

Til dels store nedbørsmengder sørga for skikkeleg fiskarelv dei siste par dagane – natt til søndag var toppen på vassføringa på 48 m3/sek, men minka for ned igjen på 20-talet på søndag ettermiddag.  De to siste dagene vart det faktisk teke 11 laksar  – dei to største på 9 og 10,5 kg medan resten var mellomlaks og smålaks. 

Dette viser at det går opp bra med fisk i elva, når det berre blir litt vassføring.  Totalt er det i år teke 45 laks og 18 sjøaure i Toåa – det er ein formiddabel nedgang frå i fjor da det vart teke 157 laks og 56 sjøaure.  Det slår også ut på totalvekta som i år var 193 kg mot 558 kg i 2020. For sjøaure er tala tilsvarande 34 kg i år mot 95 kg i 2020. I 2020 var det god vassføring langt utover sesongen, da det var bra med snø i fjellet.  I år var det lite snø i fjellet når vi passerte St. Hans, og ein fin og solrik sumar viser altså baksida av medalja som er lita vassføring.

Gå inn på elveguiden.no og slå opp på fiskebørsen for Toåa. 

Publisert: 16. august 2021, 16:14