Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2021

Vi fann 104 artiklar i dette arkivet.


Årsmøte i Todalen Grendalag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 3. mai 2021

Todalen Grendalag kallar inn til årsmøte onsdag 16.juni klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. Vanlege årsmøtesaker. Frist for å sende inn saker ein ønskjer å ta opp er på årsmøtet, må sendast til bgansnes@online.no innan måndag 31.mai. Frist for å seie frå seg verv er 10.mai, og skal sendast til ragnar.halle@gmail.com 



Tysdag kl 18: Vårdugnad på Todalen kyrkjegard – oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 2. mai 2021

Soknerådsleiar Kristian Gjeldnes inviterer til tradisjonell vårdugnad på kyrkjegarden.  Det skjer tysdag 4. mai kl 18:00.  Ta med høveleg reiskap og kom på dugnad  – blir vi mange, så er det fort unnagjort!


Årsmøte i Start 4H

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 2. mai 2021

Start 4H kallar inn til årsmøte tysdag 18.mai klokka 18:00 i Skulstuå. Vanlege årsmøtesaker. Sitjande styre oppmodar alle medlemmene om å tenke gjennom kva prosjekt dei ønskjer å ha som prosjektoppgåve i 2021!


Høyr Villmarksliv sin podcast – Turen går til Trollheimen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 2. mai 2021

Redaktør Knut Brevik i blada Villmarksliv, Jakt og Alt om fiske, har laga ein podcast med Gudmund Kårvatn. Her fortel Gudmund om målestasjonen for luft og vatn på Kårvatn, som vart etablert i 1976 av NIVA. Bakgrunnen for etableringa var at vatna og lufta er dei reinaste i Nord-Europa, og blir brukt som eit såkalla «nullpunkt» og dermed er eit referansepunkt for andre målingar som blir gjort. 


Kløvertur i Gammelvegen

Dordi Jorunn Halle Sundag 2. mai 2021

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 3. mai. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.


Kåre Olav er «kongen» av Airbnb i Trondheim

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 1. mai 2021

På Adressa.no kunne vi laurdag 1.mai lese om utflytta todaling Kåre Olav Mossing (42), som er «kongen» av Airbnb i Trondheim. Kåre Olav leiger ut rom i si eiga leilegheit, samstundes som han bur der sjølv. Som vi ser, så har Kåre Olav pynta opp leilegheita si med levande blomster, planter og lys litt over snittet, og det er blomster og planter i alle rom. Dette ser ut til å gå heim hjå dei som ønskjer å leige rom i Trondheim for ei natt, eller ein kortare periode. Tal frå Airbnb syner at Kåre Olav er den med flest utleigedøgn i Trondheim, som er formidla gjennom Airbnb sitt booking system. 


Pangstart for StikkUt-turer

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. mai 2021

 1. mai er  startdato for StikkUt-aktivitetane over heile fylket.  Laurdag var det parkert mange bilar på parkeringsplassen til Arboretet, og det vart nok ein flying start for det flotte turmålet som Svinviksrunden er. Vi var innom og logget oss på og fikk prøve den nye og oppdaterte appen, som fungerte bra og gjorde det lettvint å logge seg på og registrere besøk.