Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kåre Olav er «kongen» av Airbnb i Trondheim

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 1. mai 2021

På Adressa.no kunne vi laurdag 1.mai lese om utflytta todaling Kåre Olav Mossing (42), som er «kongen» av Airbnb i Trondheim. Kåre Olav leiger ut rom i si eiga leilegheit, samstundes som han bur der sjølv. Som vi ser, så har Kåre Olav pynta opp leilegheita si med levande blomster, planter og lys litt over snittet, og det er blomster og planter i alle rom. Dette ser ut til å gå heim hjå dei som ønskjer å leige rom i Trondheim for ei natt, eller ein kortare periode. Tal frå Airbnb syner at Kåre Olav er den med flest utleigedøgn i Trondheim, som er formidla gjennom Airbnb sitt booking system. 

Kåre Olav leiger ut til folk som er i Trondheim både for å arbeide ein kortare periode, og til turistar frå inn- og utland. Sjølv om koronasituasjonen har redusert turistmarknaden kraftig, så kan Kåre Olav fortelje at han har hatt godt belegg under heile paldemien. – Sjølvsagt har hovudvekta av leigetakarar i denne perioden vore folk som er her i Trondheimpå for å arbeide ein kort periode no under pandemien, men det har da òg vore ein og annan turisten, seier han. – Fleire av dei som har leigd her, kjem att gong etter gong, så det er tydeleg at dei trivst her, seier Kåre Olav. 

Blomster og planter. Foto: Privat

Kåre Olav fortel at ideen om å pynte opp med blomster og planter, i det omfanget det har fått i dag, eigentleg ikkje var ein seriøs ide, men det fungerer tydelegvis. Folk som leiger her ser stort sett ut til å bli i godt humør og er godt nøgde med opphaldet. 

Kåre Olav har totalt rundt 160 blomster og planter, som er fordelt i alle rom i leilegheita hans. Så her har det heilt sikkert godt med nokre kroner, men når resultatet ser så bra ut, så er det heilt sikkert verdt det. I tillegg kjem lys, og ikkje minst alt arbeidet med vatning og stell. Så sjølv om ideen i utgangspunktet ikkje var så seriøs, så kan ein trygt seie at han i alle fall har skaffa seg ei skikkeleg tidtrøyte! 

Blomster og planter. Foto: Privat

Til dagleg arbeider Kåre Olav som helsefagarbeidar innanfor psykiatrien, noko han har gjort dei siste 18 åra. Før det var han møbleselgar hos Skeidar i Trondheim. 

Nedanfor kan du sjå fleire bilete frå Kåre Olav si leilegheit:

Adressa sin artikkel om Kåre Olav kan du lese her (krev abonnement): Kåre er «Kongen» av Airbnb i Trondheim

Publisert: 1. mai 2021, 21:53