Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøte i Start 4H

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 2. mai 2021

Start 4H kallar inn til årsmøte tysdag 18.mai klokka 18:00 i Skulstuå. Vanlege årsmøtesaker. Sitjande styre oppmodar alle medlemmene om å tenke gjennom kva prosjekt dei ønskjer å ha som prosjektoppgåve i 2021!

Start 4H ønskjer alle nye og gamle medlemmer velkomne til Skulstuå på årsmøte. Aldersgrensa for å bli med i 4H er 10 år, altså dei som er fødde i 2011 eller eldre.  

Elles oppmodar sitjande styre medlemmene om å møte opp på kyrkjegardsdugnad tysdag 4.mai klokka 18:00! 

Publisert: 2. mai 2021, 16:00