Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Høyr Villmarksliv sin podcast – Turen går til Trollheimen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 2. mai 2021

Redaktør Knut Brevik i blada Villmarksliv, Jakt og Alt om fiske, har laga ein podcast med Gudmund Kårvatn. Her fortel Gudmund om målestasjonen for luft og vatn på Kårvatn, som vart etablert i 1976 av NIVA. Bakgrunnen for etableringa var at vatna og lufta er dei reinaste i Nord-Europa, og blir brukt som eit såkalla «nullpunkt» og dermed er eit referansepunkt for andre målingar som blir gjort. 

Redaktør Knut Brevik i blada Villmarkslik, Jakt og Alt om fiske. Foto: Egmont

I podcasten fortel Gudmuns òg om etableringa av Kårvatn Fjellutstyr i 1992 og bakgrunnen for dette.

Gudmund er ein ivrig jegar og fiskar, så vi får høyre om jakt og fiske i Trollheimen. Redaktør Knut Brevik er sjølv ein ivrig jegar, og har sjølv jakta i Trollheimen i rundt 30 år, mellom anna i Romådalen, der Villmarksliv har leigd jaktrett i mange år. 

Gudmund Kårvatn er ein av dei som kjenner turistnæringa i Trollheimen best. Foto: Arkiv

Gudmund er ein av dei med best kunnskap og mest erfaring knytta til turistnæringa i Trollheimen. Så podcasten inneheld sjølvsagt mykje interessant om dette temaet, og litt om eiga drift med overnatting på Kårvatn. 

I tillegg har Gudmund mykje kunnskapar om historia i Trollheimen, noko han og kjem innom så vidt i podcasten. 

Dette er ein interessant podcast som det verkeleg er verdt å «spandere» 42 minutt på å høyre! Podcasten kan du høyre her: «Turen går til Trollheimen» 

 

Publisert: 2. mai 2021, 10:45