Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2021

Vi fann 90 artiklar i dette arkivet.


Semje mellom Telia og HENT Group

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. mars 2021

Tidleg i ettermiddag kom gladmeldinga om at Telia og HENT Group har blitt samde om ein ny distribusjonsavtale av HENT sine TV-kanalar via Telia. Dette gjer at Telia-kundane igjen får tilgang til TV-kanalar som mellom anna: TV3, Viasat 4 og Viasport. Som kjent gjekk Svorka, for ikkje lenge sidan, over frå Telenor til Telia som TV-leverandør, noko som gjorde at Svorka sine TV-kundar ikkje har hatt tilgang på HENT sine TV-tenester. 


Svinviks arboret – ledige stillingar som kafemedarbeidarar

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. mars 2021

Svinviks arboret søkjer etter 2-3 kafemedarbeidarar til årets sesong. Sesongen i arboreet varer i år frå 13.mai – 1.august. Arbeidsoppgåvene vil vere å ta imot gjestar, billettsal, baking/matlaging, servering, reinhald, enkelt hagearbeid og omvising kan bli lagt til stillinga. 


Siri Skjerve – As We Evolve opna i dag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. mars 2021

I dag opna Siri Skjerve separatutstillinga si As We Evolve på Møre og Romsdal Kunstsenter i Molde. Utstillinga er open frå i dag og fram til den 25.april. Den 10.april, vil det som ein del av utstillinga, bli arrangert ein kunstnarsamtale, der professor i filosofi ved NTNU i Trondheim, Solveig Bøe, kjem for å ha ein kunstnarsamtale med Siri. Og på toppen av det heile fekk Siri i går gladmeldinga om at ha har fått eit toårig arbeidsstipend frå Kulturrådet.   


Besøksrutiner ved Surnadal sjukeheimen i påska

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. mars 2021

Da har vi fått pressemelding frå Surnadal kommune om besøksrutinene ved Surnadal sjukeheim for påska. Sjølv om både pasientar og helsepersonell ved sjukeheimen i stor grad er vaksinerte, så må kommunen forhalde seg til og etterleva nasjonale påbod og anbefalingar. Dette inneber nye besøksrutiner.


Informasjon om koronavaksineringa på fredag og veke 13 og 14

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. mars 2021

I ei pressemelding akkurat no frå Surnadal kommune, får vi informasjon om morgondagens koronavaksinering. Vi får og informasjon om vaksineringa neste veka (påskeveka) og første veka etter påske. Vi får og ei prognose på den vidare vaksineringa utover i april. Heile pressemeldinga frå kommunen kan du lese nedanfor. 


Surnadal kulturhus – Opningstider i påska

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. mars 2021

Påska står for døre, og ved Surnadal kulturhus vil dette medføre nokre endringar i opningstida. Det same gjeld for biblioteket. Kinoen, vil som følge av dei nye smittevernreglane som gjeld frå og med i dag, vere heilt stengt inntil vidare, meni alle fall fram til 12.apil. Nedandor finn du opningsidene for kulturhuset og biblioteket i påska.


Todalen Idrettslag – Utsett årsmøtet til mai

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. mars 2021

I ei melding, no i kveld, informerer styret i Todalen Idrettslag om at morgondagens årsmøte blir utsett til mai. Grunnen til utsettinga er dei nye nasjonale smittevernreglane, som inneber at alle arrangement som ikkje er strengt nødvendige skal avlysast. 


Sesongavslutning «Barn i løypa»

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. mars 2021

I kveld var det sesongavslutning for «Barn i løypa» 2021 i lysløypa på Tjønnmyra. Skiføret var det dessverre ikkje att av, så Barne- og undomsgruppa i Todalen Idrettslag hadde laga alternative aktivitetar for dei unge skitalenta denne kvalden. 18 ungar og mange vaksne hadde teke turen til Tjønnmyra for å vere med på sesongavslutninga.


Surnadal kommune – Pressemelding frå kommuneleiinga

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. mars 2021

I går kveld kom det nye nasjonale smittevernreglar, gjeldande frå 25.mars – 12.april. Med bakgrunn i dette har kommuneleiinga i dag hatt møter for å kartlegge kva konsekvensar dette vil få lokalt. Kommunen har og gjort ei vurdering på kva tilbod som må stengast, og kva for tilbod som framleis kan halde ope. 


Opningstider på Matkroken i påskehelga

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. mars 2021

I påskehelga er det regeulering av opningstida nokre av dagane – langfredag og 1. påskedag er butikken heilt stengt, men drivstoffanlegget til HalsOil er ope 24/7 – heile døgnet – for sal av drivstoff og kortbetaling.  Bla vidare så får du opningstider for heile påska – både butikkope og kioskop


Avlyser påskearrangementet på Nordviksetra

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. mars 2021

Frå styret i Nordvik Grendalag har vi fått melding om at grendalaget følgjer oppfordringa til regjeringa om å avlyse alle planlagte arrangement på grunn av koronasituasjonen.


«Stort påskeutsal» hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. mars 2021

Fredag 26.mars mellom klokka 13 – 18 ønsker Lia gard alle velkomne til årets «store påskeutsal» av ferske bakerivarer frå bakeriet sitt. Fredag vil bakeriet vere fullt av ferske bakevarer som er godt egna, både til heime- og hyttepåske.