Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Informasjon om koronavaksineringa på fredag og veke 13 og 14

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. mars 2021

I ei pressemelding akkurat no frå Surnadal kommune, får vi informasjon om morgondagens koronavaksinering. Vi får og informasjon om vaksineringa neste veka (påskeveka) og første veka etter påske. Vi får og ei prognose på den vidare vaksineringa utover i april. Heile pressemeldinga frå kommunen kan du lese nedanfor. 

Praktiske endringar fredag 26. mars

Dei som skal få koronavaksine fredag 26.mars skal bruke hovudinngangen ved kulturhuset, som er inngang A. Du kan sjå bort frå at det står inngang B i påminninga du fekk på SMS. Vaksineringa vil foregå i Svorkasalen, og ikkje i Storstua som tidlegere informert. Hugs å halde 2 meter avstand og bruk munnbind!

Vi fortsett vaksineringa av dei som er i gruppe 3 (75 – 84 år). Etter planen er vi er ferdig med denne aldersgruppa (dvs dei som er født t.o.m 1946) i løpet av første halvdel av april.

Venta oppstart av gruppe 4

Med tilgang på vaksiner vil vi kunne starte med gruppe 4 (65 – 74 år) i siste halvdel av april. Parallelt vil vi vaksinere dei som er 18-64 år med underliggande sjukdommar/tilstandar, som av FHI er assosiert med forhøga risiko. Desse blir kalla inn automatisk. Dersom du har underliggande sjukdom i denne kategorien og har fastlege i annan kommune, bør du sjekke med fastegen din at du er meldt inn. Oversikt over sjukdommar/tilstandar som medfører prioritert vaksine finn du på denne nettsida hos FHI.

Kun vaksinetypen frå BioNTech/Pfizer

Vi mottek 108 vaksiner i veke 12, 96 vaksiner i veke 13 og 162 vaksiner i veke 14. Det er kun vaksinetypen frå BioNTech/Pfizer som blir brukt.

Tilbakemelding på innkalling

Vi oppfordrar alle som får SMS om å logge seg inn på c19.no og bekrefte om dei vil ha koronavaksine eller ikkje.

Når ein veljer å forhalde seg passiv til SMS-innkalling, vil dette medføre forsinkelsar i innkalling vidare. Enkelt sagt vil eit nei fra nokon sende plassen i køen vidare til nestemann. Om du loggar deg inn og får ein time som ikkje passar, ring vaksinetelefonen for å få hjelp til å sette opp nytt tidspunkt. Nokon har gode grunnar for at dei vil vente med å ta vaksinen. Vi ønskjer at desse tek kontakt med vaksinetelefonen når dei får SMS-innkalling. Vi vil gjerne få registrert at dei ønskjer vaksine, men at dei vil vente ei stund.

Har du problem med å logge inn for å svare, så ringer du Vaksinetelefon 913 79 001 for råd og hjelp.

Ingen korona-telefon

Vi minner om at vaksinetelefonen vår ikkje er ein korona-telefon. Helsenorge.no gir god informasjon om nasjonale tiltak og anbefalingar. Dersom du framleis er i tvil kan du kontakte kommunens sentralbord for formidling og kontakt med nokon som kan gi deg korona-relaterte råd.

Publisert: 25. mars 2021, 14:16