Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongavslutning «Barn i løypa»

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. mars 2021

I kveld var det sesongavslutning for «Barn i løypa» 2021 i lysløypa på Tjønnmyra. Skiføret var det dessverre ikkje att av, så Barne- og undomsgruppa i Todalen Idrettslag hadde laga alternative aktivitetar for dei unge skitalenta denne kvalden. 18 ungar og mange vaksne hadde teke turen til Tjønnmyra for å vere med på sesongavslutninga.  

Det vart tid til både klatring i klatreparken og gøymsel. Til slutt tok nokon ein gåtur i skitraseen, vel og merke utan ski. Sjølv om det framleis ligg litt snø i traseen, så er nok sko eit betre alternativ enn ski

Det har i vinter vore arrangert 10 «Barn i løype». Det er mange år, sidan sist, det har vore så stabile og gode forhold for skigåing så lenge. Ola Dalsegg i Barne- og ungdomsgruppa er kjempefornøgd både med oppmøtet, og ikkje minst utviklinga kvar enkelt har hatt «skiteknisk» gjennom vinteren. – Det er når du ser ei slik positiv utvikling og aktivitetsglede, du verkeleg blir motivert og glad for å få arbeide med barn og unge, avsluttar Ola.  

Da blir det ein liten pause, før Barne- og ungdomsgruppa startar opp med friidrett på Bordholmen i byrjinga av juni. 

Publisert: 24. mars 2021, 19:37