Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siri Skjerve – As We Evolve opna i dag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. mars 2021

I dag opna Siri Skjerve separatutstillinga si «As We Evolve» på Møre og Romsdal Kunstsenter i Molde. Utstillinga er open frå i dag og fram til den 25.april. Den 10.april, vil det som ein del av utstillinga, bli arrangert ein kunstnarsamtale, der professor i filosofi ved NTNU i Trondheim, Solveig Bøe, kjem for å ha ein kunstnarsamtale med Siri. Og på toppen av det heile fekk Siri i går gladmeldinga om at ha har fått eit toårig arbeidsstipend frå Kulturrådet.   

Dagleg leiar i Møre og Romsdal Kunstsenter, Madeleine Park (t.v.) overrekte blomster til Siri Skjerve under opninga. Foto: Anders Gjeldnes

Det var dagleg leiar ved Møre og Romsdal kunstsenter, Madeleine Park, som stod for den offisielle opninga av utstillinga «As We Evolve».  

På grunn av smittevernreglane er det berre 10 personar som får vere inne på utstillinga samtidig. 

Dagleg leiar Madeleine Park fortel at det har vore stor pågang med mange besøkande første dagen. – Dette lovar godt for fortsettinga, seier Park.   

«As We Evolve» har desse opningstidene:

  • Veke 12 : torsdag 25.3. – søndag 28.3. klokka 11 – 16
  • Veke 13 : onsdag 31.3. – søndag 4.4. klokka 11 – 16
  • Veke 14 : onsdag 7.4. – søndag 11.4. klokka 11 – 16
  • Veke 15 : onsdag 14.4. – søndag 18.4. klokka 11 – 16
  • Veke 16 : onsdag 21.4. – søndag 25.4. klokka 11 – 16 

Møre og Romsdal Kunstsenter har besøksadresse Gørvelplassen 1 i Molde. 

Siri har laga ein katalog til utstillinga si. Den kun du sjå i her: «As We Evolve Katalog»

På heimesida til Siri kan du lese meir om hennar produksjon: siriskjerve.no

Under kan du sjå fleire bilete frå opninga i dag:

Publisert: 25. mars 2021, 19:19