Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svinviks arboret – ledige stillingar som kafemedarbeidarar

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. mars 2021

Svinviks arboret søkjer etter 2-3 kafemedarbeidarar til årets sesong. Sesongen i arboreet varer i år frå 13.mai – 1.august. Arbeidsoppgåvene vil vere: Å ta imot gjestar, billettsal, baking/matlaging, servering, reinhald, enkelt hagearbeid og omvising kan bli lagt til stillingane. 

Arboreet ønsker søkjarar som:

  • Er omgjengeleg og likar å snakke med folk (på norsk og engelsk er ein føresetnad),
  • Arbeide sjølvstentig og tar ansvar, held hovudet kaldt når det er travelt og er løysningsorientert,
  • Har kunnskap om/interesse for matlaging, hage/botanikk og historie  

Det er ein fordel om du har relevant erfaring, men det er ikkje eit krav. Motivasjon, interesse og arbeidslyst kan vege opp for dette.

Arboreet kan tilby:

  • God opplæring og varierte arbeidsoppgåver
  • Arbeidstid og lønn etter tariff
  • Ein triveleg arbeidsplass med godt miljø 

Stillingane inngår i turnus, med arbeid på kvardagar og helg, saman med andre eller åleine. To av stillingane vil vere på ca. 80-100% og ei av stillingane noko mindre. Du kan òg sende ein søknad dersom du berre er interessert i å arbeide berre på helg. Det blir sett opp bindande vaktplaner. Det er viktig at du i søknaden oppgjev når du kan arbeide, eventuelt perioden du veit du ikkje er tilgjengeleg. Det er ein fordel om du kan starte i jobben frå ca. 13.mai. Alle som får tilbod om jobb bør ha høve til å delta på opplæring i starten av mai. 

Kontaktperson:  

Avdelingsleder Maja Frønes: maja@nordmore.museum.no/tlf: 91399452  
Søknad med referanser og CV sendes til svinviks.arboret@nordmore.museum.no  

SØKNADSFRIST 12.april 2021

Fullstendig utlysing av stillingane finn du her: Ledig stilling kafemedarbeidere Svinviks arboret – Nordmøre museum (nordmore.museum.no)

Publisert: 26. mars 2021, 11:42